Auka bruk av sovemiddel hos barn og unge
Nyhet
|Oppdatert
Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Bruk av sovemiddel hos barn og unge er aukande. Det skuldast i hovudsak auka bruk av sovemiddel med verkestoffet melatonin, viser ein studie frå Folkehelseinstituttet. I Noreg og EU er bruk av melatonin berre godkjent til kortvarig behandling av søvnproblem blant vaksne over 55 år.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden
– Melatonin er eit hormon med ein kompleks verknad på døgnrytmen. Det kan òg påverke reproduksjonssystemet. Omfattande føreskriving av melatonin til unge i puberteten bør diskuterast i lys av dette, seier Ingeborg Hartz, forskar ved Folkehelseinstituttet.
- Delen av barn og unge (0–17-åringar) som fekk resept på sovemiddel, auka frå om lag 9 per 1000 i 2004 til 12 per 1000 i 2011. Aukinga skuldast at bruken av sovemiddel med verkestoffet melatonin blei dobla i perioden. Bruk av sovemiddel med antihistaminar som verkestoff (alimemazin) gjekk ned med 20 prosent i perioden, medan bruken av andre sovemiddelgrupper (benzodiazepinar og z-hypnotika) var stabil.
- Reseptuttak av melatonin blant 9–13 år gamle gutar tilseier at halvparten av melatoninbrukarane i denne alderskategorien henta ut mengder som svarte til dagleg bruk eller meir over eitt år. 25 prosent av desse gutane henta ut melatonin svarande til to døgndoser per dag over eitt år. Til samanlikning blei alle andre sovemiddel henta ut i langt mindre mengder.
- I 2011 var det ein topp i bruk av sovemiddel blant eitt- og toåringar. Sovemiddelbruken gjekk så ned med alder, for deretter å stige frå seks-sjuårsalderen. Det skjedde ei tredobling av føreskriving av alle typar sovemiddel blant jenter frå dei er 13 til dei blir 17 år (med unntak av benzodiazepinar), frå 0,9 prosent av 13-åringane til 2,5 prosent av 17-åringane.
- 50 til 60 prosent av barn og unge som fekk resept på sovemiddel, fekk samtidig resept på legemiddel til behandling av kroniske sjukdommar, med ADHD som vanlegaste tilleggsdiagnose. Dette betyr på den andre sida at om lag halvparten av barn og unge som fekk resept på sovemiddel, ikkje hadde andre kroniske tilleggslidingar dei blei behandla for utover eit søvnproblem.
- Blant nye sovemiddelbrukarar i alderen 0–17 år i 2007 henta 12 prosent av gutane og åtte prosent av jentene framleis ut reseptar på sovemiddel i 2011. 75 prosent av desse langtidsbrukarane fekk samtidig reseptar på legemiddel for kroniske lidingar.
Finst ikkje retningslinjer
– Vi veit at søvnproblematikk er utbreidd blant barn og unge. Samtidig finst ingen norske retningslinjer for medikamentell behandling av denne typen problem i denne gruppa. Studiar som presenterer faktiske forbruksmønster av legemiddel i denne gruppa, kan derfor utgjere eit viktig utgangspunkt for diskusjonar av kva som bør vere god praksis og dermed utvikling av tilrådingar, meiner Hartz.
Studiar frå Canada og fleire europeiske land seier at tendensen til en aukande bruk av sovemiddel blant barn og unge ikkje er noko unikt i Noreg. Forskarane som har jobba med denne studien er likevel ikkje kjende med at det tidlegare er publisert tilsvarande studiar, som beskriv bruk av sovemiddel på eit slikt detaljert nivå over ein tidsperiode i ein uselektert populasjon (heile den norske befolkninga).
Metode
Studien beskriv utviklinga i delen av barn og unge i aldersgruppa 0–17 år som fekk resept på sovemiddel i perioden 2004 til 2011. Uttak av reseptar på sovemiddel i 2011 er studert meir i detalj, både med omsyn til bruk i ulike aldrar, den totale mengda av sovemiddel som blir henta ut og om brukarane har kroniske lidingar utover eit søvnproblem. Langtidsbruk av sovemiddel i perioden 2007–2011 er òg undersøkt.
Studien er gjort med utgangspunkt i data frå det nasjonale Reseptregisteret. Dette registeret inkluderer informasjon på alle reseptuttak, inkludert sovemiddel, frå alle apotek i Noreg. Det vil seie at alle personer i Noreg i aldersgruppa 0–17 år i perioden 2004–2011 inngår i studiepopulasjonen. Totalt utgjer denne aldersgruppa kvart år om lag éin million 0–17-åringar.
Bruk av sovemiddel blei definert som uttak av minst éin resept på eit sovemiddel det gjeldande året. Omfang av bruk i 2011 blei målt ved å sjå på det totale talet på definerte døgndoser (DDD) som blei henta ut i snitt blant brukarane. Førekomst av kronisk sjukdom blant brukarar av sovemiddel i 2011 blei studert ved å undersøke samtidig uttak av legemiddel på blå resept for behandling av kroniske sjukdommar. Langtidsbruk blant nystarta sovemiddelbrukarar i 2007 blei definert som uttak av reseptar på sovemiddel kvart år i perioden til og med 2011.
Følgjande grupper av sovemiddel blei undersøkt: Benzodiazepinar (verkestoffa nitrazepam, flunitrazepam, midazolam), benzodiazepinliknande (verkestoffa zopiklone, zolpidem, også kalt z-hypnotika), melatonin og antihistaminar (verkestoffa alimemazin og prometazin).
Studien er gjennomført gjennom eit samarbeid mellom forskarar ved Høgskolen i Hedmark, Folkehelseinstituttet og Universitetet i Tromsø.
Referanse
Ingeborg Hartz, Kari Furu, Trond Bratlid, Marte Handal, and Svetlana Skurtveit. Hypnotic drug use among 0–17 year olds during 2004–2011: A nationwide prescription database study. Scand J Public Health 2012 40: 704-711, first published on October 29, 2012 doi:10.1177/1403494812464446.