Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Forskningsfunn

Åtvarar mot kvikksølv i hudbleikemiddel

Uorganisk kvikksølv hemjar produksjonen av fargepigment (melanin) i huda og kan difor bleike hud. Kvikksølv er samtidig helse- og miljøskadeleg, og det er ikkje tillate å bruke dette i hudkremar. Undersøkingar som Mattilsynet har gjort, viser at det finst ei rekkje ulovlege kvikksølvhaldige produkt på marknaden, utan at det står noko om kvikksølv på pakningane.

Colourbox.com
Colourbox.com

Vi får i oss små mengder uorganisk kvikksølv via maten, men ikkje så mykje at det gir helsemessige konsekvensar. Kvikksølv i amalgamfyllingar medverkar òg til eksponeringa for uorganisk kvikksølv. Maten og amalgamfyllingar kan reknast som små og mindre viktige kjelder, samanlikna med det bidraget som kvikksølv i hudkremar kan gi hjå dei som brukar dette.

Tar lang tid å bryte ned

Uorganisk kvikksølv blir teke opp gjennom huda hjå personar som brukar slike kremar. Kor mykje kvikksølv som blir teke opp i kroppen vil variere. Det er mellom anna avhengig av kva for kvikksølvsambinding som finst i kremen og kva for andre stoff kremen inneheld.

Dersom ein brukar mykje krem, blir det teke opp meir i kroppen. Kroppen skil ut uorganisk kvikksølv langsamt (halveringstid 1–2 månader), og kvikksølvnivået i kroppen vil difor kunne auke gradvis med gjentakande bruk.

Kor mykje uorganisk kvikksølv ein har fått i seg, kan målast i urin. Det er fleire studiar som viser ein klar samanheng mellom bruk av kvikksølvhaldige kremar og høgare nivå av kvikksølv i urinen.

Barn kan få i seg kvikksølv frå kremar ved at dei kjem i kontakt med huda til personar som brukar slike produkt. Det finst òg døme på at slike produkt blir brukt på barn.

Se også: Urovekkjande mengder av helsefarlege gifter i hudbleikemiddel (Mattilsynet sine nettsider)

Skadeleg for helsa

  • Forsking tyder på at det er ein samanheng mellom bruk av kvikksølvhaldige hudkremar og nyreskadar og nedsett nyrefunksjon.
  • Det finst òg ei rekkje rapportar om hudskadar (ulike typar utslett, ujamn pigmentering) etter bruk av kvikksølvhaldige hudkremar.
  • Skadar på sentralnervesystemet kan ein heller ikkje sjå bort frå ved langvarig bruk.
  • Brukarane rapporterer òg symptom som metallsmak, auka spyttsekresjon, sår i munn og svelg, og kvalme.
  • Produkta er ikkje lovlege på marknaden, og blir ofte ikkje teke med i betraktninga som ei mogeleg årsak til helseplager. Fleire publikasjonar stiller difor spørsmålet om helseskadar som følgje av bruk av slike produkt er underdiagnostiserte.

Referansar:

Benz MR1, Lee SH, Kellner L, Döhlemann C, Berweck S: Hyperintense lesions in brain MRI after exposure to a mercuric chloride-containing skin whitening cream. Eur J Pediatr. 2011 Jun;170(6):747-50.

Chan TK: Inorganic mercury poisoning associated with skin-lightening cosmetic products.

Clin Toxicol (Phila). 2011 Dec;49(10):886-91 EFSA 2012: EFSA Panel on Contaminants in the Food Chain (CONTAM); Scientific Opinion on the risk for public health related to the presence of mercury and methylmercury in food. EFSA Journal 2012;10(12):2985.

Hamann CR, Boonchai W, Wen L, Sakanashi EN, Chu CY, Hamann K, Hamann CP, Sinniah K, Hamann D. Spectrometric analysis of mercury content in 549 skin-lightening products: is mercury toxicity a hidden global health hazard? J Am Acad Dermatol. 2014 Feb;70(2):281-7.

McKelvey W, Jeffery N, Clark N, Kass D, Parsons PJ.: Population-based inorganic mercury biomonitoring and the identification of skin care products as a source of exposure in New York City. Environ Health Perspect. 2011 Feb;119(2):203-9

Tang HL, Mak YF, Chu KH, Lee W, Fung SK, Chan TY, Tong KL. Minimal change disease caused by exposure to mercury-containing skin lightening cream: a report of 4 cases. Clin Nephrol. 2013 Apr;79(4):326-9.