Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Høg fysisk funksjonsevne har samanheng med auka levealder

Resultat frå ein studie Folkehelseinstituttet har teke del i, viser at middelaldrande med høg fysisk funksjonsevne levde lenger enn middelaldrande med låg fysisk funksjonsevne.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.xom
Illustrasjonsfoto: Colourbox.xom

Funksjonsevna til dei 53-årige deltakarane i studien blei målt ved enkle testar på gripestyrke og balanse. Etter justering for helse og livsstil, var det særleg to grupper som skilde seg ut med høgare dødelegheit samanlikna med deltakarane i gruppa med høgast funksjonsevne – dei med lågast funksjonsevne og dei som ikkje greidde å gjennomføre testane. Gruppa som ikkje gjennomførte nokon av testane, hadde 12 gongar høgare dødelegheitsrate enn dei som gjennomførte alle tre testane.

Mykje forsking står att før vi veit kvifor somme lever lenger enn andre

Samanhengen mellom fysisk funksjonsevne og dødelegheit blir ofte forklart med underliggjande sjukdom og aldring. Forskarane i denne studien trur ikkje at sjukdom kan forklare samanhengen, på grunn av at deltakarane var så pass unge og hadde lite sjukdommar. Dei meiner likevel at det kan vere uttrykk for sjukdommar som er i startfasen og som ikkje er klinisk diagnostiserte. Det kan òg vere ein indikasjon på aldring, og uttrykk for uheldige eksponeringar gjennom livsløpet.

– Vi veit no at samanhengen mellom funksjonsnivå og levealder også gjeld for relativt unge og ikkje berre blant dei eldste. Desse objektive funksjonsmåla blir meir og meir sett på som markørar for suksessfull aldring. Neste steg vil vere å utforme tiltak slik at personar som er særleg utsette, kan få hjelp, seier Bjørn Heine Strand, seniorforskar på Folkehelseinstituttet.

– Resultata våre tyder på at personar med låg fysisk funksjonsevne midt i livet er ei viktig gruppe å setje i gang tiltak for. Det er nødvendig med meir forsking på kva slags tiltak som er dei beste for å betre funksjonsevna for denne gruppa, og snu den uheldige trenden, held Strand fram.

Han fortel at ein stor amerikansk studie av styrketrening og fysisk aktivitet viser lovande resultat.

Dette er den første undersøkinga som ser på fysisk funksjonsevne og dødelegheit blant middelaldrande. Det er viktig å sjå om samanhengen finst her, før ein er blitt så gammal at ein begynner å få aldersrelaterte sjukdommar. Studien viser at det er viktig å studere aldring i et livsløpsperspektiv.

Om studien

Funksjonsevne blei målt på 2766 personar i 1999. Undersøkingane blei utført ved heimebesøk av personell med god erfaring på området. Testane blei analyserte kvar for seg, og det blei laga ein sumskåre på bakgrunn av resultatet frå alle testane. Deltakarar som ikkje greidde å gjennomføre testane, blei òg notert. På bakgrunn av sumskåren i testresultata, blei deltakarane sorterte i fem grupper etter kor høg funksjonsevne dei hadde. Dei som ikkje greidde å gjennomføre testane, blei plassert i ei eiga gruppe. Deltakarane blei deretter følgt opp med dødelegheit over ein 13-års periode (frå dei var 53 år til 66 år), og samanstilt med funksjonsevnemålingane. I løpet av perioden døydde 177 deltakarar.

Deltakarane er med i den lengste fødselskohorten i England – den britiske 1946-kohorten, der meir enn 5000 babyar fødde den same veka i mars 1946 blei inkludert. Deltakarane er no følgt opp i meir enn 68 år, og har blitt ein livsløpsstudie i aldring. Deltakarane har blitt undersøkt meir enn 20 gongar gjennom livsløpet, og informasjon om dødelegheit er blitt kopla på studien.

Se også: Physical capability in mid-life and survival over 13 years of follow-up (BMJ sin artikkel i fulltekst)