Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Forskningsfunn

Røyking i svangerskapet påvirker gener

Røyking i svangerskapet kan føre til endringar i korleis genar hos barnet uttrykkjer seg. Dette er funne i ein ny studie frå den norske Mor og barn-undersøkinga. Kunnskapen om at røyking påverkar barnet si helse er ikkje ny, men at dette kan skje gjennom genetisk påverknad, er nye funn.

Prøver tatt frå navlesnora ved fødselen er lagra frå over 70 000 nyfødde i ein biobank for den norske Mor og barn-undersøkinga (MoBa). I ein delstudie blei 1062 prøver undersøkte for innhald av kotinin, som er ein markør for røyking. Av desse hadde 136 (12,8 %) høge nok mengder kotinin til å bli kalla for daglegrøykjarar, noko som stemde godt overeins med mødrene si eigarapportering om røykjevanar i svangerskapet.

Om genar blir lest av i cellene, er blant anna avhengig av kor tett samanpakka genane ligg i cellekjernane. Kjemiske sambindingar som heng på DNA-tråden, er med på å styre om genar blir lest av. Dette blir kalla epigenetiske endringar og kan ha betyding for sjukdom og helse. I denne studien blei det undersøkt i kor stor grad genar var kopla saman med ei spesiell kjemisk sambinding (metyl-gruppe) og om det var forskjellar mellom born som var utsette for røyking i svangerskapet og born som ikkje var det.

Forskarane fann at barn av mødrer som røykte i svangerskapet, hadde epigenetiske endringar på ti ulike genar. Undersøkingane blei gjentekne i prøver frå ei anna gruppe nyfødde frå Nord-Carolina i USA, og funna blei bekrefta her.

Stoff som barnet blir utsett for i svangerskapet, ser ut til å påverke kva for genar som er aktive hos barnet. Mange faktorar i fosterlivet ser ut til å ha betyding for seinare helse, og epigenetiske forskjellar kan vere med på å forklare korleis dette skjer. Tida før fødselen kan vere ein spesielt sårbar periode for slik påverknad. Forskarane ved Folkehelseinstituttet samarbeider vidare med forskarar i USA for å undersøkje om andre faktorar i svangerskapet kan ha tilsvarande påverknad som røyking. Eit anna viktig felt er om slike epigenetiske forskjellar kan vere med på å forklare variasjonen ein ser i for eksempel fødselsvekt når barnet er utsett for røyking i svangerskapet.

Referanse

450K epigenome-wide scan identifies differential DNA methylation in newborns related to maternal smoking during pregnancy. Joubert BR, Håberg SE, Nilsen RM, Wang X, Vollset SE, Murphy SK, Huang Z, Hoyo C, Midttun Ø, Cupul-Uicab L, Ueland PM, Wu MC, Nystad W, Bell DA, Peddada SD, London SJ. Environ Health Perspect 2012; 120:1425–1431.