Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet
Melding til mottakarar av data:

Feil i data utlevert frå Medisinsk fødselsregister

Det er oppdaga ein feil i databasen til Medisinsk fødselsregister (MFR). Feilen gjeld data om perinatale dødsfallsom er utlevert til statistikk eller forsking frå 1. januar 2009 fram til 10. november 2013.

colourbox
colourbox
Feilen har oppstått ved utrekning av ein variabel som gjeld levestatus til fosteret/barnet ved fødsel, og gjeld i hovudsak for årgangane 2006-2011. I den aktuelle perioden var 12 prosent av dødfødde feil klassifisert som neonatalt døde. Denne feilen gav galt tal på dødfødde og neonatalt døde, og har konsekvens for statistikk og forsking som har skilt på desse ulike kategoriane for perinatal død.

I Folkehelseinstituttets statistikkbank Norgeshelsa er statistikk over spedbarnsdødelegheit fjerna inntil korrigerte tal er på plass.

Avdeling for helseregistre har retta feilen og kartlagt kva statistikk og forskingsprosjekt som i fylgje søknad om data frå MFR har brukt den aktuelle variabelen. Aktuelle mottakarar av data vil få brev om saka, og ein vil publisere korrigerte tal for MFR i januar 2014.

- Vi arbeider heile tida med å sikre kvaliteten på data i MFR, både ved dialog med dei som melder inn opplysningar, kontroll med innmelde data i databasen, og ved å analysere data på aggregert nivå. Likevel kan slike feil dukke opp som fylgje av kompleksiteten i registeret og menneskeleg eller teknisk svikt, seier avdelingsdirektør Marta Ebbing. Ho beklagar det ekstra arbeidet mottakarane av data får som fylgje av feilen.

Avdelinga vil gje individuell assistanse ved behov. Spørsmål kan rettast til Avdeling for helseregistre på e-post: mfr-oppdrag@fhi.no