Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Språkutvikling og oppmerksamheitsvanskar hos for tidleg fødte barn

Tidlege oppmerksamheitsvanskar kan vere ein viktig markør for seinare språkferdigheiter hos for tidleg fødte (premature) barn. Denne samanhengen ser ut til å bli sterkare dess tidlegare barnet er født. For å bekrefte funnet er det nødvendig med vidare forsking, men studien banar veg for auka kunnskap om korleis samanhengen mellom språkferdigheit og oppmersamheitsvanskar med merksemd blir utvikla over tid.

prematur.
prematur.
Slik kunnskap vil i framtida kunne bidra til tidleg diagnostisering av språkvanskar hos premature barn.

Målet med studien var å undersøkje samanhengen mellom språkutvikling og oppmerksamheitsvanskar frå 18 til 36 månader hos premature barn med låg fødselsvekt. Tidlegare studiar har vist at regulering av oppmerksamheit er eit særskilt problematisk område for premature barn. Det var derfor forventa at vanskar med merksemd ved 18 månader ville vere ein viktig markør for språkutviklinga mellom 18 og 36 månader.

Data frå Den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa)

Studien er basert på data frå Den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa) og inkluderer 1288 barn som blei født før svangerskapsveke 38 og vog mindre enn 2500 g. Vanskar med merksemd og språkferdigheiter hos barna blei rapportert av mor då barna var 18 og 36 månader gamle. Mødrene svarte på totalt ni spørsmål om språkferdigheiter (f.eks.: Brukar barnet setningar som består av tre eller fire ord?) og totalt åtte spørsmål om vanskar med oppmerksamheit (f.eks.: Barnet kan ikkje konsentrere seg, vere merksam lengre tid av gongen).

Viktig å kartleggje korleis merksemda er hos premature

Ein fann i denne studien ein klar samanheng mellom vanskar med merksemd ved 18 månader og språkutvikling fram til 36 månader. Samanhengen mellom språkferdigheiter ved 18 månader og vanskar med merksemd fram til 36 månader var derimot ikkje like sterk. Desse resultata tyder på at vanskar med merksemd kan vere ein forløpar til språkferdigheiter hos premature barn. Det kan altså vere særskilt viktig å kartleggje korleis merksemda er for å kunne diagnostisere språkvanskar tidleg.

I tillegg blei det i studien utført foreløpige analysar av eit utval svært premature barn (født tidlegare enn 33. svangerskapsveke). Her blei det funne ein trend for at vanskar med merksemd ved 18 månader spelar ei aukande rolle dess tidlegare barna er født når det gjeld å føreseie språkutviklinga mellom 18 og 36 månader. Desse resultata må tolkast forsiktig, då det er eit relativt lite utval av svært premature barn i MoBa, og ein må vidare gjere tilfredsstillande samanlikningar med eit utval av barn født til termin.

Tidlege utviklingsvegar

Premature barn har ofte høgare hyppigheit av vedvarande kognitive vanskar. Språk og vanskar med merksemd er mellom desse, sjølv om forholdet mellom desse vanskane ikkje er godt studert. Denne studien bekreftar tidlegare funn som viser at vanskar med merksemd er ein viktig markør hos premature barn. Studien belyser tidlege utviklingsvegar for merksemd og språk.

Referanse

Ribeiro et al. BMC Pediatrics 2011, 11:59