Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Forskningsfunn

Mødrer til barn med åtferdsvanskar sluttar å jobbe

Mødrer til småbarn med åtferdsvanskar trekkjer seg i større grad ut av arbeidslivet enn mødrer med barn utan åtferdsvanskar, viser ein ny studie frå Folkehelseinstituttet.

Medan tidlegare studiar har vist at barn med alvorlege diagnosar som autisme og funksjonshemming reduserer mødrene si yrkesdeltaking, har få studiar undersøkt om meir «vanlege» problem, som åtferdsproblem, også har innverknad på mor si yrkesdeltaking.

Om lag 7 % av barna i denne studien hadde åtferdsproblem, karakterisert som «internaliserande» og/eller «eksternaliserande» åtferd (sjå faktaboks).

Resultata i denne studien viser at:

  • 22 % av mødrene til barn med betydelege internaliserande åtferdsproblem, eller ein kombinasjon av internaliserande og eksternaliserande åtferdsproblem, er utan arbeid 3 år etter fødsel samanlikna med 15 % av mødrer til barn utan åtferdsproblem. 
  • Det vil seie at yrkesaktive mødrer som får barn med betydelege internaliserande åtferdsproblem, eller barn med ein kombinasjon av internaliserande og eksternaliserande problem, trekkjer seg i større grad ut av arbeidslivet enn det andre mødrer gjer – i alle fall mellombels. 
  • Utagerande barn kunne ikkje knytast til noko endring i mødrene si arbeidsdeltaking.

Inneslutta barn krev meir merksemd

Forskarane blei overraska over at dei inneslutta barna hadde ein sterkare negativ samanheng med mødrene si yrkesdeltaking enn barna som var utagerande.

– Det er mogeleg at dei aggressive og vanskelege barna vekkjer meir kontroll og disiplin hjå foreldra, medan dei «triste barna» utløyser meir uro og beskyttande reaksjonar frå mødrene. Mødrer med deprimerte eller engstelege barn blir oftare kjenslemessig involvert, seier forskar Ragnhild Bang Nes ved Folkehelseinstituttet, som er hovudforfattaren bak studien.

Mogelege konsekvensar av låg yrkesdeltaking

Denne studien undersøkte mødrene si yrkesdeltaking i småbarnsfasen, men nye studiar er allereie i gang for å undersøkje om situasjonen er den same når barna blir eldre.

– Ettersom åtferdsvanskar har ein tendens til å vare ved, kan ein tenkje seg at barna vil ha trong for ekstra omsorg og oppfølging også seinare, seier Bang Nes.

Låg yrkesdeltaking er generelt sett ikkje bra for kvinnene sin økonomi eller psykiske helse.

– Å trekkje seg ut av arbeidslivet – særleg over lengre tid – kan føre til sårbar økonomi og ei lågare opptening av pensjonspoeng. Likeins kan kvinnene si sjølvkjensle og oppleving av kompetanse bli vesentleg svekt, både sosialt og fagleg, seier Bang Nes.

Om studien

Datagrunnlaget består av informasjon frå rundt 22 000 mødrer som deltek i Den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa) kopla til informasjon frå sentrale register, inkludert FD-Trygd. Alle mødrene som er med i undersøkinga var i lønna arbeid før svangerskapet.

Studien tek høgde for ei rekkje demografiske tilhøve knytt til arbeidsforhold generelt (alder, utdanning, partnaren si inntekt, talet på barn), og for mor si eigenrapporterte sårbarheit for angst- og depresjonsliknande plager.

Studien blei utført av Folkehelseinstituttet i samarbeid med Statistisk Sentralbyrå (SSB), Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI), Universitetet i Oslo, University Children’s Hospital, Zurich, Switzerland, Sørlandet Sykehus og Universitetet i Bergen.

Referanse

Bang Nes, R.; Johan Hauge, L.; Kornstad, T.; Kristensen, P. Landolt, M.A.; Eskedal, L.T.; Irgens, L.M. and Vollrath, M.E. The Impact of Child Behaviour Problems on Maternal Employment: A Longitudinal Cohort Study. Journal of Family and Economic Issues (online 13th Oct. 2013).