Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

EU-avtalar har medverka til ein meir reaktiv alkoholpolitikk

EØS-avtalen og Noreg sine andre avtalar med EU har medverka til ei meir reaktiv tilnærming, samt ei meir utbreidd avpolitisering og rettsleggjering av norsk alkoholpolitikk. Det er hovudkonklusjonen i ein ny SIRUS-rapport om norsk alkoholpolitikk under EØS-avtalen.

SIRUS-rapporten "Norsk alkoholpolitikk under EØS-avtalen - reaktiv og avpolitisert?" analyserer den alkoholpolitiske utviklinga i Noreg i perioden 1994-2014. Hovudmålsetjinga med rapporten er å gi ei oppdatert og teoretisk forankra framstilling av europeiseringa av norsk alkoholpolitikk i perioden 1994-2014.

Alkohol har vore eit stadig tilbakevendande tema etter at EØS-avtalen tok til å gjelda, og eit sentralt spørsmål er kvarvidt norsk alkoholpolitikk kan omtalas som reaktiv og avpolitisert.

Ei reaktiv tilnærming vil seie at norsk politikk i stor grad blir drive av kva som skjer i EU, ettersom Noreg ikkje har formell initiativrett i EU-prosessane.

Avpolitiseringa har å gjere med at Noreg som tredjeland ikkje deltek i dei formelle politiske avgjerdsprosessane i EU, og at tilgangen til EU sine viktigaste institusjonar er sterkt avgrensa. Forholdet til EU tas derfor i monaleg grad hand om av embetsverket og ved påverknad gjennom meir uformelle kanalar.

Ei meir reaktiv tilnærming

Ein hovudkonklusjon i rapporten er at EØS-avtalen og Noreg sine andre avtalar med EU i denne perioden har medverka til ei meir reaktiv tilnærming, samt ei meir utbreidd avpolitisering og rettsleggjering av norsk alkoholpolitikk. Dette er i første rekkje ein følgje av Noregs innskrenka høve til å påverke EUs politiske avgjerdsprosessar frå utsida.

Den heimlege debatten om dei sentrale alkoholpolitiske verkemidla si sameining med EU/EØS-retten var spesielt dominerande i det fyrste tiåret under EØS-avtalen.

Strategiar for ein proaktiv alkoholpolitikk

Ein annan hovudkonklusjon er at norske styresmakter i dei seinare åra har nytta seg av nye strategiar for å føre ein meir proaktiv alkoholpolitikk. Noregs medverknad i arbeidet med EU sin felles alkoholstrategi har opna moglegheiter til å påverke EU. Samtidig kan det sjå ut som om tapet av politisk spelerom på statleg nivå har medverka til auka merksemd omkring kommunen si rolle i norsk alkoholpolitikk, og då særleg viktigheiten av bevillingssystemet som alkoholpolitisk verkemiddel.

Auke merksemd på internasjonalt og kommunalt nivå

Norsk alkoholpolitikk vil også i framtida avhenge av prioriteringane til dei politiske styresmaktene i forhold til sentrale verkemiddel som bevillingssystemet, vinmonopolordninga, reklameforbodet, aldersgrenser og avgiftsnivået på alkohol. Vi har likevel også illustrert at alkoholpolitikken i større grad enn tidlegare vil avhenge av kvarvidt norske statlege styresmakter evnar å auke merksemda omkring alkoholrelaterte skadar på internasjonalt/overnasjonalt nivå og lokalt i kommunane.

Referanse

Norsk alkoholpolitikk under EØS-avtalen - reaktiv og avpolitisert?

Dette er en nyhet fra Statens institutt for rusmiddelforskning (SIRUS). SIRUS ble en del av Folkehelseinstituttet 01.01.2016.