Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Barn av alkoholmisbrukande foreldre trivst like godt på skulen

Forskarar bak ein ny studie har undersøkt samanhengen mellom foreldre sin alkoholbruk og korleis barna deira fungerer på skulen. Konklusjonen er at foreldrene sitt alkoholmisbruk er ein risikofaktor for barns åtferds- og konsentrasjonsproblem på skulen. Trass i dette trivst dei like godt på skulen som andre barn.

skolebarn1.
skolebarn1.
Tidlegare forsking viser at barn av alkoholmisbrukarar i forhold til andre har ein høgare risiko for å utvikle ei rekkje plager og klare seg dårlegare på ulike område i livet, blant anna når det gjeld skuleprestasjonar. Nytt i denne studien er at forskarane har konsentrert seg om kva for område av skulefungeringa dette gjeld.

Skulefungering på fire område

Studien er basert på eit representativt utval av befolkninga, gjennom datamateriale frå Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag (HUNT og UngHUNT), der alle innbyggjarane i fylket som var 13 år eller eldre, blei inviterte til å delta. Datamaterialet er kopla i familiar slik at samanhengen mellom svar frå foreldre og barn kan undersøkjast.

88 % av alle tenåringane i fylket deltok i studien (8984 personer), medan 72 % av mødrene deira og 61 % av fedrene deira svarte på dei nødvendige spørjeskjema. Foreldra svarte blant anna på spørsmål om alkoholbruk, medan tenåringane blant anna rapporterte skulefungering på fire område: åtferdsproblem, konsentrasjonsvanskar, trivsel og kor tilfredse dei var med skuleresultata sine. Ved hjelp av statistiske analysar ble samanhengen mellom foreldrene sin alkoholbruk og problem innanfor dei fire områda undersøkt nærmare.

Meir åtferds- og konsentrasjonsvanskar

Tenåringar med foreldre som misbrukte alkohol, hadde moderat høgare skår på åtferdsproblem og konsentrasjonsvanskar. Mors alkoholbruk har ein noko sterkare samanheng med problem på skulen enn fars alkoholbruk. Noko av grunnen til dette, men ikkje heile, er at ungdommar med mødre som drikk mykje, har høgare nivå av angst og depresjon og dermed gjer det dårlegare på skulen.

Foreldrene sin alkoholbruk hadde likevel ingen effektar på tilfredsheit med skuleresultata eller på kor godt ungdommane treivst på skulen. Studien har stor statistisk styrke, så slike effektar burde kome fram dersom det låg føre nokon av betydning. Resultata viser at førebyggingstiltak for denne gruppa barn først og fremst bør rettast mot åtferdsproblem og konsentrasjonsvanskar.

Eit anna funn i studien var at barn av avhaldsfolk klarte seg betydeleg betre på skulen enn andre, også betre enn barn av foreldre med eit svært lågt alkoholkonsum. Dette kan kanskje forklarast med personlegdommen til dei som vel å vere totalt fråhaldne og at desse personlegdomstrekka går igjen hos barna deira.

Styrkjer tidlegare forsking

Ut frå tidlegare studiar kunne ein forvente å finne ein samanheng mellom foreldre sin alkoholbruk og utagerande åtferd blant barna deira. Dette kan skuldast både ein genetisk samanheng mellom desse trekka, men også påverknad frå drikking under svangerskapet og oppvekstmiljøet. At vi finn det same resultatet ved hjelp av ein annen metode, styrkjer resultata fra dei tidlegare studiane. Det er også nytt at vi får undersøkt trivsel på denne måten.

Referanse

Torvik et al. Parental alcohol use and adolescent school adjustment in the general population: Results from the HUNT study. BMC Public Health 2011, 11:70.