Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Alkohol kan forsterke matallergi

Matallergiregisteret har noen år fått ekstra mange meldingar om alvorlege allergiske reaksjonar på mat i førjulstida. Det finnes fleire moglege årsaker: Alkohol kan gjere allergikarar mindre påpasselege med kva dei et, eller det kan vere slik at alkoholen forsterkar allergiske reaksjonar.

Foto: Colourbox.com
Foto: Colourbox.com
– Noen hevdar at ein kan ha ein ekte allergi mot sjølve alkoholen, men det er usikkert. Enkelte får matallergi-symptom av alkoholen, og kanskje då mest når drikken har høgt alkoholinnhald. Men det må understrekast at slik reaksjon synest å vere lite vanleg, påpeikar Løvik.

Allergen i drikke

Eit meir vanleg problem er alkoholhaldig drikke kan innehelde allergiframkallande stoff, såkalla allergen.

  • Øl inneheld allergen frå korn, og allergiske reaksjonar på øl er ikkje heilt uvanlege. Slike reaksjonar er svært godt dokumenterte med omsyn til kva delar av kornet (allergen i kornet) personar har reagert på.
  • Likørar kan ha mange tilsetningar av frukt, egg og anna som allergikarar kan reagere på.
  • Ekte allergi mot vin er heller ingen raritet; drueallergi er ikkje heilt uvanleg, og drueallergikarar kan reagere på stoff frå druer i vinen.

- Det er dokumentert at ein drueallergikar som reagerte på vin, likevel tålte grappa som er laga av destillerte druer. Generelt følgjer vanlegvis ikkje matallergena med ved destillasjon, slik at drikkar laga av destillert sprit er trygge med omsyn til matallergi dersom det ikkje er tilsett noko etter destilleringa som kan gje allergireaksjon, fortel Martinus Løvik. 

Tar sjansar

Eit av dei største problema knytte til alkohol og allergi, er at alkohol gjer folk mindre påpasseleg med kva ein et.

– Allergikarar som veit dei har matallergi og veit kva dei bør unngå for ikkje å få reaksjon, vil med alkohol innabords lettare ta sjansar og ikkje undersøke kva maten inneheld, eller direkte ete noe dei ikkje tåler fordi dei tar sjansen på at det skal gå bra, seier professoren.

Han fortel også at det er ei vanleg oppfatning blant fagfolk at alkohol gjer at allergikarar reagerer på mindre mengder allergiframkallande stoff enn under normale omstende. Difor kan ein person med ein moderat matallergi plutseleg reagerer sterkt på ei lita mengde mat vedkommande elles ville ha tålt.

Ikkje skikkeleg dokumentert

– Dette er ut frå kunnskapen vi har om mekanismar i kroppen svært rimeleg, og det er ”god medisin” og ”rett lære” å seie at alkohol forsterkar matallergiske reaksjonar. Dersom ein prøver å finne dokumentasjon for dette i vitskapleg medisinsk litteratur, er det likevel lite å finne. Derfor - det at alkohol forsterkar matallergiske reaksjonar er noko alle ekspertar meiner dei veit, og som truleg er rett, men som strengt teke ikkje er skikkeleg dokumentert vitskapeleg, forklarar Løvik.

Det næraste ein kjem dokumentasjon, er ein rapport om ein kvinneleg murar i Tyskland, som fekk allergisjokk av matpakka si ved fleire høve. Ho trudde ho ikkje tålte brødet, men ved testing der ho fekk kveitemjøl skjult i anna mat, reagerte ho ikkje. Fordi ho var murar let legane henne springe ei trapp opp og ned med ei bør murstein og gav henne ei flaske øl før dei testa henne igjen. Då fekk ho ein sterk allergisk reaksjon på kveitemjøl.

– Problemet er at også hardt fysisk arbeid gjer at ein lettare får allergiske reaksjonar. Difor veit vi ikkje om det var alkoholen eller det fysiske strevet som gjorde utslaget i dette tilfellet. Men vi kan dra ei viktig slutning: Har ein matallergi og mistenkjer at ein har ete noe ein er allergisk mot, er kombinasjonen med eit par glas sterk drikke og dans etterpå nok ikkje det klokaste på julebordet, avsluttar Løvik.

  • Relaterte saker