Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Artikkel

Legemidler til fisk 2010:

2010: Framleis ein auke i forbruk av lakselusmiddel i norsk fiskeoppdrett

Publisert Oppdatert


Salet av middel mot lakselus auka i 2010, medan salet av antibakterielle middel til fisk blei halvert frå 2009. Salet av middel mot innvollsorm blei redusert. Middel mot sopp og middel for å bedøve fisk hadde ein auke i salet i forhold til 2009. Resistensutvikling er årsaka til at forbruket av lakselusmiddel framleis er høgt. Dei siste to åra er hydrogenperoksid i aukande omfang teke i bruk som eit alternativ i kampen mot lakselus.


Laks.jpg

Tabellane 1-5 under viser sal av antibakterielle middel, middel mot lakselus, innvollsorm og sopp, og i tillegg middel for å bedøve som er brukt i norsk fiskeoppdrett i perioden 2002-2010. Tala er baserte på sal frå legemiddelgrossistar til apotek og frå fôrfirma til oppdrettarar.

Det var i 2010 framleis ein auke i bruk av middel mot lakselus. Bruken av hydrogenperoksid har auka kraftig, medan bruken av organofosfatet azametifos har auka noko. For dei andre midla er endringane mindre. Den sterke auken i bruk av hydrogenperoksid skuldast svært sannsynleg at resistens mot emamektin benzoat og mot pyretroidene deltametrin og cypermetrin framleis er svært utbreidd. Hydrogenperoksid er teke i bruk ved stadig fleire oppdrettsanlegg i kampen mot lakselus. Avlusinga med hydrogenperoksid skjer i store brønnbåtar.

Salet av antibakterielle middel blei halvert frå 2009 til 2010 og har ikkje vore så lågt sidan ein begynte å kartleggje forbruket. Sett i forhold til biomasse produsert oppdrettsfisk er forbruket svært lågt. Reseptbasert statistikk frå Mattilsynet for perioden 2000-2008 viser at sal av antibakterielle middel i aukande grad har gått til behandling av nyare oppdrettsartar og særleg torsk. Auken i forbruket til torsk var for denne perioden positivt korrelert til auken i biomasse torsk produsert. Data for sal per oppdrettsart ligg ikkje føre for 2010.

Salet av middel mot innvollsorm har vist ein årleg nedgang sidan 2004 og er no svært lågt. Det var eit auka forbruk av soppmidlet bronopol i 2010 samanlikna med tidlegare år. Dette kan blant anna ha samanheng med at legemidlet fekk marknadsføringsløyve i 2010.

Tabell 1. Antibakterielle middel (kg aktiv substans)

 

2002

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Florfenikol

205

154

111

202

302

139

166

303

275

Flumekin

5

60

4

28

7

18

1

1

0

Lincomycin/ Spectinomycin (1:2)

 

 

 

 

50

66

70

43

57

Oksolinsyre

998

546

1035

977

1119

406

681

926

308

Oksytetracyklin

11

45

5

8

0

19

23

40

10

Totalt

1219

805

1159

1215

1478

648

941

1313

649

Tabell 2. Middel mot lakselus (kg aktiv substans)

 

2002

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Azametifos

 

 

 

 

 

 

66

18841

3346

Cypermetrin

62

59

55

45

49

30

32

88

107

Deltametrin

23

16

17

16

23

29

39

62

61

Diflubenzuron

-

-

-

-

-

-

-

1413

1839

Emamektin

20

23

32

39

60

73

81

41

22

Teflubenzuron

-

-

-

-

-

-

-

2028

1080

Totalt

105

98

104

100

132

132

218

5516

6454

Hydrogen-peroksid

 

 

 

 

 

 

 

308 tonn

3071tonn

1Talet er korrigert i forhold til fjorårets rapportering av ”Forbruk av legemidler i norsk fiskeoppdrett” pga. manglande rapportering frå ein grossist i 2009.
2Endra 18.2.11. pga. korreksjon av innrapporterte tal

Tabell 3. Middel mot innvollsorm (kg aktiv substans)

 

2002

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Fenbendazol

8

2

23

78

27

1

0

0

0

Praziquantel

152

232

412

122

145

94

91

29

11

Totalt

160

234

435

200

172

95

91

29

11

Tabell 4. Middel mot sopp (kg aktiv substans)

 

2002

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Bronopol

396

422

314

377

492

493

751

508

1020

Malakittgrønt

8

4,53)

0,73)

0,93)

0,93)

0,83)

0,63)

0

0

Totalt

404

427

315

378

493

494

752

508

1020

 3Har ikkje gått til produksjon av matfisk 

Tabell 5. Middel for å bedøve (kg aktiv substans)

 

2002

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Benzokain4

ca 500

ca 500

ca 500

ca 400

ca 400

ca 700

ca 800

ca 800

ca 800

Isoeugenol5

1

1,5

2,5

-

6,5

5

25

33

65

Trikainmesilat (metakain)

827

699

737

960

1248

1269

2164

2379

2815

4Berekna sal til fiskeoppdrett. Benzokain blir òg nytta i humanmedisin.

5Isoeugenol er berre nytta i forsking

Opplysning om kjelde: Grossistbasert legemiddelstatistikk, Nasjonalt folkehelseinstitutt, 2010. Data frå dette oppslaget kan fritt lagrast elektronisk, skrivast ut, gjerast mangfaldig og formidlast vidare føresett at det blir vist til kjelda på kvar rapport, tabell eller figur.

Informasjonen er utarbeidd i samarbeid med:
Professor Kari Grave, Inst. for mattrygghet og infeksjonsbiologi, Norges veterinærhøgskole
Professor Tor Einar Horsberg, Inst. for mattrygghet og infeksjonsbiologi, Norges veterinærhøgskole

Les meir om forbruket av lakselusmiddel i 2010