Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Artikkel

Levealder (nynorsk)

Denne artikkelen er arkivert og erstatta av ein nyare versjon . Levealderen stig i Noreg. I 2009 registrerte vi dei høgaste tala over levealder som nokon gong er noterte: 83,1 år for kvinner og 78,6 år for menn. menn med høgare utdanning har no lenger forventa levealder enn kvinner med grunnskoleutdanning.

Referanse til denne artikkelen er: Folkehelseinstituttet. Helsetilstanden i Norge: Levealder (nynorsk).

Forventa levealder ved fødselen er eit godt mål på helsetilstanden i ei befolkning. Nedgang i forventa levealder kan tyde på auka spedbarnsdødelegheit eller andre alvorlege endringar i helseforholda i eit land.

 

Forventa og faktisk levealder

Kva er forventa levealder?

Med uttrykket levealder meiner vi oftast forventa levealder ved fødselen. Det er det talet på år ein person kan vente å leve under gjeldande dødelegheitsforhold, og er ein prognose for levealderen i befolkninga. Oftast bruker vi t.d. berre uttrykket levealderen i 2005.

Forventa levealder kan også reknast ut for ulike aldersgrupper eller for eit fylke, ein bydel eller ein kommune. Men innbyggjartalet i det geografiske området må ha ein viss storleik for at utrekningane skal vere pålitelege.

Kva er faktisk levealder?

Dersom vi skal finne den faktiske levealderen for eit årskull, må vi vente til alle i årskullet er døde. Det tek ved dei noverande dødelegheitsforholda meir enn 100 år; derfor må vi t.d. vente til minst 2109 for å få vite den faktiske levealderen for dei som vart fødde i 2009.

Forhold som påverkar forventa levealder ved fødselen

Tabell 1. Forventet levealder ved fødselen.

 Tidsperiode Menn Kvinner
1946-50  69,3 72,7
1966-70  71,1 76,8
1986-90 73,1 79,7
1991-95 74,4 80,4
2005 77,7 82,5
2006 78,1 82,7
2007 78,2 82,7
2008 78,3 83,0
2009 78,6 83,1
Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Først og fremst er det nedgangen i spedbarnsdødelegheit som har ført til den store stigninga i forventa levealder i Noreg dei siste 100 åra. Andre forhold har også hatt betydning: betring i levekåra med betre hygiene, bustadforhold og ernæring, utvikling av vaksinar og behandlingstilbod.

  • G. Stene-Larsen: 1880-2005 – fra fattigdomssykdommer til overflodslidelser. Tidsskr Nor Legeforen 2006; 126:38-43.

Levealderen i Noreg stig

På slutten av 1800-talet var forventa levealder snautt 50 år. Frå 1900 steig levealderen jamt til om lag 70 år rundt 1950 og om lag 75 år i 2000 for menn og kvinner samla. I 2008 registrerte vi dei høgaste tala over levealder som nokon gong er noterte i Noreg: 83,0 år i gjennomsnitt for kvinner og 78,3 år for menn, sjå tabellen.

  • Statistisk sentralbyrå, tabeller: Forventa gjenståande levetid for menn og kvinner på utvalde alderstrinn. 1866–2008.

Frå 2002 til 2003 steig forventa levealder med om lag eit halvt år for både menn og kvinner – ei av dei sterkaste stigningane dei siste 50 åra. Slike store stigningar i forventa levealder i løpet av eit år er svært uvanlege. Noko av bakgrunnen er at spedbarndødelegheita i 2002 og 2003 var svært låg.

Kvinner lever lenger enn menn

Nyfødde jenter kunne i 2009 forvente å leve 4,5 år lenger enn nyfødte gutter. Forskjellen mellom kjønna har ikkje vore mindre sidan 1950-tallet. I fleire av åra etter 2000 har levealderen stige meir for menn enn for kvinner. Årsaka til at levealderen for kjønnene nærmar seg kvarandre, er trulig meir lik yrkesaktivitet og livsstil, særleg når det gjeld røykjevaner.

Før 1950 var kjønnsforskjellen oftast mellom 2,5 og 3,5 år, men auka til 6,8 år i første halvdel av 1980-talet.

 

Gå til koblet material

Figur 1. Forventa levealder ved fødselen, kvinner og menn. Bruk av interaktive diagrammer.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Geografiske og sosioøkonomiske forskjellar

Levealderen i Noreg varierer også mellom fylka og mellom ulike bydelar i Oslo. I 2001–2005 (sjå Figur 2) var forventa levealder for nyfødde gutar lågast i Finnmark med 74,6 år, og høgast i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med 78,2 og 78,1 år.

For nyfødde jenter var forventa levealder lågast i Finnmark og Hedmark med 80,6 og 80,9 år. Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland hadde høgast forventa levealder for kvinner med vel 83 år.
Sosioøkonomiske forhold har stor betydning for levealderen, det avspeglar seg m.a. i forventa levealder i ulike bydelar i Oslo.

  • Nyheitsartikkel: Levealder for menn på Sagene er 68 år   
 

Gå til koblet material

Figur 2. Forventa levealder ved fødselen for menn i norske fylke i perioden 2001-2005. Bruk av interaktive diagrammer.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Forventa levealder ved 65 år

Også forventa levealder for den befolkningsgruppa som har fylt 65 år, har stige. For landet i det heile kan 65 år gamle menn i gjennomsnitt forvente å leve til 81,6 år og kvinner til 85,1 år. Det viser statistikken for 2001–2005. Finnmark og Østfold har lågast forventa levealder for menn på 65 år, høvesvis 80,3 og 80,8 år. For kvinner på 65 år har åtte fylke ein forventa levealder på mellom 84 og 85 år. Sogn og Fjordane ligg på topp med 86,4 år.

Figur 3 og 4 nedanfor viser utviklinga i forventa levealder for den befolkningsgruppa som har fylt 65 år – landet i det heile, og Finnmark og Sogn og Fjordane fylke.

 

Gå til koblet material

Gå til koblet material

Figur 3 og 4. Forventa levealder ved 65 år, menn (øvst) og kvinner. Noreg og dei to fylka med lågast og høgast levealder: Finnmark og Sogn og Fjordane. Bruk av interaktive diagrammer.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Internasjonalt

Noreg er blant dei åtte-ti land i verda med høgast forventa levealder. I land med folketal over 100 000 personar hadde japanske kvinner i 2007 framleis verdas lengste forventa levealder ved fødselen med 86,0 år. Japanske nyfødde gutar kunne forvente ein levealder på 79,2 år.

Gjennomsnittleg levealder ved fødselen i Europa var i 2007 70 år for menn og 78 år for kvinner.

Land med høg spedbarnsdødelegheit har låg forventa levealder ved fødselen. Statistikken til Verdas helseorganisasjon for Afrika viser at forventa levealder i Afrika-regionen var 51 og 54 år for menn og kvinner respektivt i 2007. Tilsvarande tal for den amerikanske regionen var 73 og 78 år.

  • World Health Statistics 2009  

Kjelder

  • Statistisk sentralbyrå 2006, tabell: Forventa levealder for dei ti landa i verda med høgast levealder.
  • Socialstyrelsen 2009: Folkhälsorapport, s.18.
  • Temaside: Tema: Dødsårsaker og levealder i Norge