Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Faktaark

Fakta om fencyklidin / PCP / englestøv

Publisert Oppdatert


Bruk av fencyklidin kan gje akutte alvorlege psykotiske symptom. Typiske verknadar er tankeforstyrringar og endra oppfatning av verkelegheita. Stoffet kan framstillast relativt enkelt, men er lite brukt i Noreg.


Har du funnet en feil?

Fakta om narkotika

Folkehelseinstituttets faktaark om rusmidler blir ikke lenger oppdatert og fins nå i historisk arkiv. Endringen skyldes at rettsmedisinske fag flyttet fra Folkehelseinstituttet til Oslo universitetssykehus 1.1.2017.

Du finner fortsatt artikler om alkohol og rusmiddelbruk på fhi.no, se temaområdet alkohol og rusmidler  

Kva er fencyklidin?

Fencyklidin er også kjent som PCP eller englestøv. Det  er eit rusmiddel som verkar både hallusinogent, stimulerande og dempande. Det er derfor vanskeleg å klassifisere, og det påverkar fleire signalsystem i hjernen.

Bruksmåtar  

Dei vanlegaste bruksmåten for å ta PCB er tablettar eller å røykje PCP som er blanda med tobakk eller andre stoff. PCP kan også sniffast, smørast på huda eller ein kan bruke sprøyter og setje stoffet intravenøst.

Ein rusdose i tablettform er vanlegvis cirka 1-5 mg. Tablettar som blir selt på gata inneheld oftast 3 – 5 mg fencyklidin per stk. Ein sigarett kan innehalde 5 – 50 mg.

Til samanlikning kan ein dose på 20 mg føre til koma.

Verknader på kroppen

PCP påverkar signalsystema i hjernen, særleg ved å hemme den såkalla NMDA-reseptoren. PCP verkar også på fleire andre signalsystem.

  • Dempande verknader: Sløvande, dempar følelsar, gir nedsett konsentrasjon, merksemd og evne til å hugse.
  • Stimulerande verknader: Auka stemningsnivå (føler seg oppglødd, får meir energi), søvnproblem, fysiske symptom som hjertebank, auka blodtrykk, auka spyttproduksjon.
  • Hallusinogene verknader: Hørselshallusinasjonar er den vanlegaste hallusinogene verknaden. PCP kan gje så kraftige tankeforstyrringar at brukaren ofte ikkje lenger forstår og har kontakt med omverda. Sjølv relativt små doser PCP kan gje alvorlege psykotiske symptom, dei mest alvorlege liknar ein schizofren psykotisk episode. Det mest typiske er at stoffet gjev tankeforstyrringar og ei endra oppfatning av kva som er verkeleg og uverkeleg, noko som har ført til ekstreme handlingar med dødeleg utfall.

PCP-forgifting kan arte seg som ein akutt psykose, med psykotiske symptom som kan halde fram i opptil fleire dagar. Ved alvorleg forgifting blir brukaren bevisstlaus og får pustestans. Det finst ikkje motgift, og behandlinga går ut på å behandle symptoma.

Ruseffekten når høgdepunktet frå minuttar til vel ein time etter inntak, avhengig av inntaksmåten. Euforien varar typisk i 4-8 timar, men rusfølelsen kan hengje att opptil 24-28 timar.

Kor vanleg er det å bruke PCB?

Som rusmiddel har PCP tidligare vore lite brukt i Noreg, truleg på grunn av dei mange ubehagelege verknadene. Ifølgje Kripos vart det i 2009 beslaglagt store mengder PCP-tablettar i Noreg. Utbreiinga av PCP har sidan slutten av 1960-talet vore meir omfattande i USA, men også der er det teikn som tyder på at bruken har gått ned. Ifølgje National Institute of Drug Abuse hadde 1,0 prosent av 18-åringar i USA prøvd PCP i 2010.

Risiko ved bruk under graviditet

Bruk av PCP i svangerskap har vore assosiert med auka irritasjon/agitasjon og rask endring i bevisstheitsnivået, i samsvar med generell PCP-rus eller ved abstinens.  Dessutan kan barna til kvinner som har bruk PCB i svangeskapet, vere vanskelege å trøyste. Dette liknar symptom som ein finn hos nyfødde som har vore utsette for kokain i fosterlivet.

Risiko ved bruk under bilkjøring

Rusmiddel som fencyklidin, som har både stimulerande, dempande og hallusinogene verknader, må ikkje kombinerast med bilkjøring.

Risiko for å bli avhengig

Dyrestudiar og intervjuundersøkingar av PCB-brukarar kan tyde på at dei som brukar PCB jamleg, utviklar toleranse for visse verknader av stoffet. Det vil seie at dosen må aukast etter ei tid for å få same effekt som tidlegare.

Bruk av PCP kan føre til at ein blir avhengig.

Historisk bruk

PCP vart først utvikla som narkosemiddel i 1956. Stoffet gav god smertestillande effekt, men mange pasientar fekk langvarige psykotiske episodar etter at dei hadde brukt stoffet. I medisinsk behandling vart derfor bruken avslutta i 1965. Den som blir råka av psykose, har ikkje sjukdomsinnsikt så lenge psykosen varer. Symptoma er sanselege inntrykk (til dømes hørselshallusinasjonar) og tankegang som ikkje er forankra i det verkelege livet.

Som legemiddel har PCP aldri vore brukt i Noreg, men eit liknande legemiddel - Ketamin (Ketalar) - blir framleis brukt som narkosemiddel og i sjeldne tilfelle også i smertebehandling på sjukehus.

PCP er enkelt og billig å framstille syntetisk. I løpet av 1970-åra vart stoffet syntetisert illegalt og selt på gata, mellom anna under namna ”Angel Dust” (englestøv), ”Rocket Fuel”, ”Crystal” og ”PeaCe Pill”.

Analysemetodar ved Folkehelseinstituttet

Divisjon for rettsmedisinske fag ved Folkehelseinstituttet utfører analyse av PCP. Stoffet kan vanlegvis påvisast i urin i opptil ei veke etter inntak.

Lenkjer

Dersom du har spørsmål om eiga helse, bør du ta kontakt med fastlegen din.

  • RUStelefonen er ei landsdekkjande telefonteneste for ungdom og pårørande. Telefonttenesta gir råd og vegleiing om rusmiddelproblematikk, tlf 08588 eller internett.
  • Forebygging.no er ein kunnskapsbase med spesielt fokus på førebyggjande arbeid
  • Giftinformasjonen i Helsedirektoratet, temasider
  • Helsebiblioteket - temasider om forgiftingar

Referansar

Chasnoff  IJ, Burns WJ, Hatcher RP, Burns KA. Phencyclidine: effects on the fetus and neonate. Dev Pharmacol Ther. 1983;6(6):404-8.

Strauss AA, Modaniou HD, Bosu SK. Neonatal manifestations of maternal phencyclidine (PCP) abuse. Pediatrics. 1981 Oct;68(4):550-2.

Tabor BL, Smith-Wallace T, Yonekura ML. Perinatal outcome associated with PCP versus cocaine use. Am J Drug Alcohol Abuse. 1990;16(3-4):337-48.