Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Faktaark

Fakta om cannabinoider - "spice" syntetiske cannabinoider

Bruk av syntetiske cannabinoidar kan medføre alvorlege og potensielt livstruande tilstandar som krev rask legehjelp. Det finst fleire rapportar om alvorlege forgiftingar og dødsfall i samband med bruk av syntetiske cannabinoidar, mellom anna hjerteinfarkt hos tenåringar.

Fakta om narkotika fins nå på helsenorge.no

Fakta om narkotika fins nå på helsenorge.noFolkehelseinstituttets faktaark om rusmidler blir ikke lenger oppdatert og fins nå i historisk arkiv. Endringen skyldes at rettsmedisinske fag flyttet fra Folkehelseinstituttet til Oslo universitetssykehus 1.1.2017.

Du finner fortsatt artikler om alkohol og rusmiddelbruk på fhi.no, se temaområdet alkohol og rusmidler  

Kva er spice / syntetiske cannabinoidar?

Syntetiske cannabinoidar er ei stor gruppe relativt nye rusmiddel. Dei gir ein rus som liknar cannabisrus, men effekten er sterkare. Syntetiske cannabinoidar inneheld ikkje tetrahydrocannabinol (THC), som er det viktigaste psykoaktive stoffet i naturlege cannabisprodukt. Syntetiske cannabinoidar kan medføre alvorlege og potensielt livstruande tilstandar som krev rask legehjelp.

Bruksmåtar

Vanlege bruksmåtar er sniffing, røyking og spising. Standard rusdosar er ikkje kjent, men felles for fleire syntetiske cannabinoidar er at det trengst svært små dosar for å gi effekt.

Det finst mange variantar av syntetiske cannabinoidar. Dei ulike variantane vart selt som pulver, tørka urteblandingar og tablettar. Produkta har ofte ufullstendig innhaldsdeklarasjon og kan innehalde andre verkestoff enn dei som er oppgitt. Produkta marknadsførast på internett som lovlege og ufarlege og vart selt som forskningskjemikalier, røykjelse, luftfriskner og så vidare.

Verknader på kroppen

Verknader av syntetisk cannabis minner om det ein ser etter inntak av store mengder naturlege cannabisprodukt. Det er vist både positive og negative rusopplevingar.

  • Positiv rusoppleving kan omfatte ei kjensle av å vere ”høg”, ha auka appetitt, auka energi, vanskar med å kontrollere latter og ei kjensle av å vere fokusert.
  • Negativ rusoppleving kan innebere at ein blir trøytt og sløv, får vanskar med hugsen, hjertebank, nervøsitet, angst, paranoia, agitasjon, svimring, hallusinasjonar og kvalme/oppkast.
  • Syntetiske cannabinoidar kan gi høgt blodtrykk, høg puls og brystsmerter. Det er òg rapportert om hjerteinfarkt hos tenåringar som har brukt desse stoffa.
  • Nedsett respirasjon (pust) og alvorlege forstyrringar i saltbalansen er òg sett i samanheng med inntak av syntetiske cannabinoidar.
  • Inntak av desse stoffa kan medføre krampar og tap av bevisstheit.
  • Det ser ut til å vere større risiko for psykose i samband med syntetiske cannabinoidar enn ved bruk av cannabis, både akutte psykosar og forverring av tidlegare stabil psykisk sjukdom.
  • Langtidsverknader som er vist omfattar nyresvikt, lungesjukdom og psykiske plager. Data kan tyde på nedsett hugs, konsentrasjonsevne, læring, søvnkvalitet, humørsvingninger, angst og aggresjonskontroll, men er ikkje fullt ut kartlagt.

Dei fleste syntetiske cannabinoidane er meir potente (kraftige) enn tetrahydrocannabinol, som er verkestoffet i cannabis. Dei er aktive i svært lave dosar, og overdosering kan skje ved unøyaktig oppmåling. Varierande innhald i produkta som blir selde  gir ytterlegare risiko for uventa effekt.

Det er dokumentert fleire dødsfall etter inntak av syntetisk cannabis, blant anna som følgje av forgiftingar, ulykker og sjølvmord hos tidlegare friske personar.

Kor vanleg er det å bruke PCB?

Det er gjort fleire større beslag av syntetiske cannabinoidar i Noreg og Folkehelseinstituttet har påvist fleire ulike variantar i prøver sendt inn frå hele Norge. Det finst også undersøkingar av kloakkvatn som kan tyde på at bruken av desse stoffa ikkje er eit typisk storbyfenomen. Det ligg føre ikkje eksakte tall på utbreiing i Norge.

Tall frå USA har vist at 9 % av studentar på college i USA oppgir bruk av slike stoff (2011)

Risiko ved bruk under graviditet og amming

Det finst lite kunnskap om skadeverknadene på fosteret hos kvinner som har brukt syntetiske cannabinoidar under graviditeten. Det same gjeld kunnskapen om eventuelle skadeverknader på spedbarn som blir amma når mor er påverka. Mange nettsider som driv med sal av desse produkta åtvarar mot bruk under svangerskap og amming. 

Risiko ved bruk under bilkøyring

Det finst lite kunnskap på dette området, men syntetiske cannabinoidar er påvist i prøver frå bilførarar i Noreg. Ut frå verknadene til dei syntetiske cannabinoidane bør ikkje slike stoff kombinerast med bilkøyring og inntak vil sannsynlegvis medføre auka risiko for trafikkulykker. Det er registrert ei alvorleg trafikkulykke hos ein tenåring der årsaka kan ha samanheng med inntak av eit syntetisk cannabinoid.  

Risiko for avhengnad

Dersom ein bruker syntetisk cannabis jamleg vil ein kunne få abstinenssymptom ved avslutta bruk. Desse symptoma kan likne det ein ser når ein avsluttar jamleg cannabisbruk. Typiske symptom kan for eksempel vere søvnforstyrringar, angst, kvalme, frysningar og krampar.

Det er forska lite på toleranseutvikling og avhengnad ved bruk av syntetiske cannabinoidar hjå menneske. Toleranseutvikling vil seie at ein treng aukande dose for å få same effekten som tidlegare.

Det finst enkeltrapportar som fortel om rask toleranseutvikling. Andre rapportar fortel om utvikling av avhengnad etter at ein har brukt høge dosar syntetiske cannabinoidar dagleg i fleire månader.  

Behandling og avvenjing

Dei fleste forgiftingar vert behandla symptomatisk. Ved milde forgiftingar kan overvaking og væsketerapi vere tilstrekkeleg. Ved symptom som angst, panikkanfall og agitasjon vert det nytta roande midlar og ved psykosar kan antipsykotisk medikasjon vere nødvendig.

Historisk bruk

Syntetiske cannabinoidar har vore på marknaden sidan midten av 2000-talet, og vart først selde under merkenamnet ”Spice”. I byrjinga trudde ein at den cannabis-liknande effekten kom av dei lovlege urtene i ”Spice”-blandinga. Men det viste seg etter kvart at urteprodukta sjeldan inneheldt dei stoffa som var oppgitt. Plantematerialet i urteblandinger fungerte berre som berar for ulike syntetiske cannabinoidar som vart tilsette under produksjonen. Det første beslaget av syntetiske cannabinoidar i Norge var i 2008. Det finst nå over 200 ulike syntetiske cannabinoidar på marknaden.

Lovleg status

I byrjinga av 2009 vart syntetiske cannabinoidar omfatta av narkotikalovene i fleire land i Europa, samstundes som stadig fleire variantar vart produserte. I Norge vart åtte ulike syntetiske cannabinoidar oppført på narkotikalista i 2011. Etter dette er det fastsett ny narkotikaforskrift som inneber at mange nyutvikla narkotiske stoff, som syntetiske cannabinoidar, er å regne som narkotika i Norge. Produsentane endrar stadig samansetninga av cannabinoidane for å omgå forboda. Det er ei stor utfordring å oppdatere lovverket i takt med desse endringane.

Analyser ved Folkehelseinstituttet

Divisjon for rettsmedisinske fag har analysemetodar for eit utval syntetiske cannabinoidar i blod, urin og spytt.

Lenker

Dersom du har spørsmål i samband med eigen helse, bør du ta kontakt med fastlegen din.

  • RUStelefonen er ein landsdekkjande hjelpetelefon for ungdom og pårørande. Telefontenesta gir råd når det gjeld rusmiddelproblematikk, tlf 08588 eller internett.
  • Forebygging.no er ein kunnskapsbase med særskilt fokus på førebyggjande arbeid
  • Giftinformasjonen
  • SERAF Senter for rus og avhengnadsforsking
  • KRIPOS narkotikastatistikk frå politiet
  • Helsebiblioteket - temasider om forgiftingar for helsepersonell

Internasjonalt:

  • The European Monitoring Centre for Drugs and Drug Addiction (EMCDDA) - om narkotikasituasjonen i Europa
  • NIDA - Det nasjonale instituttet for misbruk av rusmiddel, nikotin og andre avhengnadsskapande stoff, USA
  • WHO (Verdas helseorganisasjon) har utarbeidd ei rekkje faktaark om narkotiske stoff