Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Artikkel i nettpublikasjon

2014 - Arbeid og helse

Publisert Oppdatert


Denne versjonen av kapittel Arbeid og helse ble publisert i Folkehelserapporten 2014. Kapitlet ble arkivert 25.10.2016 i forbindelse med publisering av ny versjon. Arbeid kan vere både helsefremjande, blant anna som kjelde til sosiale relasjonar, identitet og personleg vekst, samt gje økonomisk tryggleik. Men arbeid og arbeidsmiljø kan og vere årsak til helsevanskar, blant anna gjennom skader og psykososiale faktorar.


Hopp til innhold


Har du funnet en feil?

Hovudpunkt

  • Arbeid gir tilgang til viktige helsefremmande ressursar som sosiale relasjonar, identitet og personleg vekst, og økonomisk tryggleik.
  • Høg sysselsetting og arbeid for personar med redusert arbeidsevne vil vere positivt for folkehelsa.
  • Kvinner har høgare sjukefråvære enn menn.
  • Tiltak for å hindre lange sjukemeldingar kan vere viktige for å førebygge overgang til uføretrygd.
  • Blant medlemslanda i OECD har Noreg det høgaste sjukefråværet.

Arbeidslivet i Noreg i dag

I Noreg er ei brei deltaking i arbeid prioritert (Dahl, 2014), og dei fleste vaksne i landet er tilknytt arbeidslivet.

  • Per 1. januar 2014 vart 71 prosent av befolkninga i Noreg rekna som del av arbeidsstyrken, som består av alle sysselsette og arbeidsledige personar i aldersgruppa 16–74 år (definisjon ved SSB)
  • I forhold til gjennomsnittet i OECD er sysselsettinga i Noreg høg i alle aldersgrupper og blant begge kjønn, sjå figur 1 (OECD Factbook, 2013).

Det er stor variasjon i korleis dei ulike europeiske landa organiserer arbeidslivet. Sett opp mot gjengs standard i EU, er det i norsk arbeidsliv fleire tilsette i offentlig sektor, fleire har faste arbeidskontraktar, eit robust vern mot oppseiing og full lønn under sjukefråvære.

Personar som er inkluderte i arbeidsstyrken kan likevel ha kortare og lengre periodar utanfor arbeidslivet på grunn av tilhøve som oppseiingar og helsevanskar.

fhr2014-arbeid-fig1.png

 

Figur 1. Arbeidsdeltakinga i Noreg og OECD  i tre aldersgrupper for åra 2005 og 2011. Prosent. Kjelde: Basert på tal frå OECD (2013) og OECD Factbook 2013. Klikk på figuren for større versjon. Arbeid - Fig1

Sjukefråvære og uførepensjon i Noreg i dag

Sjukefråvære: Statistikk for sjukefråvære syner kor stor del av alle dagsverk som går tapt gjennom sjukefråvære.Sjølv om mange fleire er borte frå jobb med korttidsfråvære og eigenmeldingsdagar, er det langtidsfråværet som utgjer det store volumet, sjå figur 2.

fhr2014-arbeid-fig1.png

Figur 2: Legemeldt og eigenmeldt sjukefråvære, sesong- og influensajustert. 1. Kvartal 2001-2014. Prosent. Kjelde: Kjelde: Basert på tal frå SSB Statistikkbanken. Klikk på figuren for større versjon. Arbeid - Fig2

 

Uførepensjon: Per 31. mars 2014 fekk 307 400 personar eller 9,3 prosent av befolkninga uførepensjon, sjå figur 3 (Statistikknotat NAV). I 2013 fekk 3,5 prosent uførepensjon heilt eller delvis på grunn av yrkesskade.

fhr2014-arbeid-fig2.png

Figur 3. Menn og kvinner som får uførepensjon. Søylediagram viser totaltal, og stipla line viser andel i befolkninga. Kjelde: NAV (2014). Klikk på figuren for større versjon. Arbeid - Fig3

 

Årsaker til fråvære: Fleirtalet av sjukmeldingar og langvarige trygdestønader vert gitt for muskel- og skjelettlidingar og vanlege psykiske lidingar som angst og depresjon (NAV statistikk). Dette er vanlege helseplager i befolkninga, også blant dei som ikkje er sjukmelde eller får trygd (Ihlebæk, 2010; Wittchen, 2011).

Grunnane til at folk ikkje er i arbeid, er mange og samansette.

Arbeidsmiljøfaktorar er ein av fleire faktorar som bidreg til å forklare sjukefråvære og uføretrygd. Det arbeidsrelaterte sjukefråværet varierer mellom bransjar og yrke og er mellom 15 og 40 prosent (Stortingsmelding 29, 2011). 

Utvikling over tid

Sjukefråværet og andelen som får uføretrygd har vore relativt stabilt dei siste åra, og det er tendens til ein nedgang snarare enn ein oppgang, sjå figur 2 og 3. Det er likevel venta ei relativt sterk auke i andelen uføretrygda framover, etterkvart som mottakarar av tidsavgrensa arbeidsavklaringspengar ikkje lenger kan stå på denne ordninga (NAV, 2014).

Skilnadar i befolkninga

Alder

Noreg har ein høgare andel av befolkninga i arbeid enn gjennomsnittet i OECD: Det gjeld alle aldersgrupper, sjå figur 1 (OECD, 2013). Sjukefråværsprosenten stig med aukande alder for både menn og kvinner. 

Høgare sjukefråvære blant kvinner

Figur 2 viser skilnaden i sjukefråvære blant kvinner og menn. Skilnaden har auka noko over dei siste ti åra, men menn og kvinner følgjer i hovudsak dei same svingingane i sjukefråværet over tid.

Det er utilstrekkeleg kunnskap om kva som kan forklare skilnadane i sjukefråvære mellom menn og kvinner, og kva som kan vere effektive tiltak for å redusere skilnaden (FHI, 2013).

Aktuelle faktorar som kan forklare skilnadane er:

  • Som for andre land i Europa er det framleis store skilnader i kvar menn og kvinner arbeider, sjå figur 4.
  • Det er fleire menn enn kvinner i leiande stillingar (Eurofound, 2010).
  • I en ny norsk studie forklarte psykososiale arbeidslivsfaktorar meir enn 20 prosent av skilnaden i sjukefråvære mellom kvinner og menn (Sterud, 2014a). Det er likevel ikkje klare konklusjonar på i kva grad kjønnsskilnader i yrke kan forklare det høgare sjukefråværet hjå kvinner (Laaksonen, 2010; Mastekaasa, 2014). 
Diagram
Diagram: Folkehelseinstituttet

Figur 4: Andel kvinner blant sysselsette i 30 utvalde yrke. 1996 og 2010. Kjelde: NOU 2012:15. Klikk på figuren for større versjon. Arbeid - Fig4

 

Sosioøkonomiske skilnadar

Det er sosioøkonomiske skilnader i sjukefråvære og uføretrygd.

  • Uføretrygd på grunn av muskel- og skjelettlidingar er til dømes langt vanlegare blant lågt utdanna enn høgt utdanna (Bruusgaard, 2010). Skilnaden kan dels forklarast med at risikofaktorar for sjukefråvære og uføretrygd er hyppigare i jobbar med lågare løn og krav til utdanning (Falkstedt, 2014). Dette gjeld til dømes hardt fysisk arbeid, tunge løft med vriding av ryggen, krevjande arbeidsstillingar, heilkroppsvibrasjonar, monotont arbeid, lite kontroll over arbeidsoppgåvene og lite fleksibilitet i arbeidstida (Foss, 2011; Haukenes, 2011; Sterud, 2013).
  • Mekaniske og psykososiale arbeidsmiljøfaktorar forklarte meir enn 40 prosent av skilnaden i langtidssjukefråværet mellom høgt og lågt utdanna arbeidstakarar i ei nyare norsk studie (Sterud, 2014b).
  • På arbeidsplassar med lågare krav til utdanning vil det oftare vere vanskeleg å tilpasse arbeidssituasjonen til helsevanskar (Johansson, 2009).
  • Arbeidstakarar med lågare utdanning kan og hha større vanskar med å finne nytt arbeid dersom helsevanskar krev eit skifte av arbeidsoppgåver.

Type arbeid og fråvere blant innvandrarar

Innvandrarar frå låg-inntektsland er oftare tilsette i ufaglærte og låglønna stillingar med større innslag av fysisk og manuelt arbeid, samt i stillingar der sjukefråværet er høgare.

Det vert diskutert om risikofaktorar ved arbeidet kan forklare skilnadane i uførepensjon mellom landsgjennomsnittet og innvandrarar frå låg-inntektsland, men funna er ikkje eintydige (Claussen, 2009), Hansen, 2014).

Høgare sjukefråvære i Noreg enn i andre OECD-land

Noreg har det høgaste sjukefråværet blant medlemslanda i OECD. Talet på kor mange i befolkninga som får andre langvarige stønader som arbeidsavklaringspengar (AAP) og uføretrygd (OECD 2013) er også høgast i Noreg.

Høg sysselsetting kan bidra til å heve sjukefråværet i Noreg samanlikna med andre land, ved at grupper med svakare band til arbeidslivet i større grad er iinkludert i arbeidsstyrken (Dahl, 2014).

Arbeid som helsefremjande faktor

Når arbeidsmiljøet er tilfredsstillande, er det haldepunkt for at deltaking i arbeid i seg sjølv har positiv effekt på helsa (Waddel, 2006).

  • Tap av arbeid gjev dårlegare psykisk helse (Gathergood, 2013), mens retur til arbeid påverkar psykisk helse i positiv retning (van der Noordt, 2014).
  • Arbeid er for mange ei viktig kjelde til helsefremmande sosiale relasjonar, personlig vekst og økonomisk tryggleik (Dahl, 2014).
  • Arbeid strukturerer kvardagen, gir meining og er ein viktig del av den sosiale identiteten for mange (Dahl, 2014).

Ei undersøking fann likevel at arbeidstakarar som rapporterte om dårleg arbeidsmiljø, og rapporterte om betre helse etter at dei gjekk av med pensjon (Westerlund, 2009). Ein systematisk litteraturgjennomgang har óg funne støtte for betra psykisk helse etter pensjonering (van der Heide, 2013).

Arbeid som risikofaktor for helse 

Arbeidsplassen kan vere ei kjelde til skader, sjukdom og helsevanskar knytt til både kjemiske, fysiske, mekaniske og psykososiale/organisatoriske belastningar. Mange av desse risikofaktorane har også samanheng med risiko for sjukefråvære og uførepensjon (Wang, 2014; Foss, 2011; Stattin, 2005; Labriola, 2009).

Psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, som til dømes rollekonflikt, jobbusikkerheit, uheldige kombinasjonar av krav og kontroll i arbeidet, mobbing, samt vold og trugsmål, gir høgare risiko for angst og depresjon (Johannessen, 2013; Stansfeld, 2006) og muskel- og skjelettlidingar (Christensen, 2010). Arbeid prega av høge krav og lite kontroll er og ein risikofaktor for hjerte- og karsjukdom (Kivimäki, 2012).

Organisatoriske faktorar som lange arbeidsveker, skiftarbeid, manglande opplæring og midlertidige arbeidskontraktar er knytt til auka risiko for arbeidsskader (Benavides, 2006; Chau, 2008; Dembe, 2009; Piha, 2013).

Tungt fysisk arbeid og uheldige arbeidsstillingar aukar risikoen for muskel- og skjelettlidingar (Sterud, 2013).

Fysiske arbeidsmiljøfaktorar som vibrasjonar og støynivå kan medføre helseskade og hørselsskade (Bonvenzi, 2010; Ramsden, 2010; STAMI, 2011).

Kjemiske arbeidsmiljøfaktorar som inhalering av støv, røyk, gass og damp, samt hudkontakt med kjemikaliar er knytt til ei rekke alvorlige sjukdommar som kreft, sjukdommar i nervesystemet, lungesjukdom og hudsjukdom (STAMI, 2011). 

Førebygging for å sikre høg arbeidsdeltaking og lågt sjukefråvære

Arbeidsmiljø: Det pågår eit kontinuerleg arbeid med å identifisere helserisiko på arbeidsplassane, særleg i samband med innføring av nye arbeidsformer og ny teknologi (Baxter, 2010). Arbeidsmiljølova lovfester dette arbeidet, og forpliktar både arbeidsgjevarar, arbeidstakarar, bedriftshelseteneste og tilsynsmyndigheiter til å bidra.

Tiltak for å halde arbeidstakarar med helseproblem i arbeid: Arbeidsplassane er ein viktig arena for helsefremmande arbeid og førebygging, men det er ikkje eit eintydig forhold mellom helsevanskar og arbeidsdeltaking. Faktorar knytt både til helse og arbeid vil ha betydning for om ein arbeidstakar med gitt helseproblem kan halde fram i arbeid eller ikkje.  

Verk og smerter, psykiske plager og lidingar utgjer store helseutfordringar i arbeidslivet, og desse er kan oftast ikkje eintydig knyttast til enkelte risikofaktorar og sjukdomar med kjent årsak. (Baxter, 2010). Eit «inkluderande arbeidsliv» betyr at arbeidsplassane skal tilpassast den enkelte sine helseproblem. På nokre arbeidsplassar kan små justeringar vere nok, mens det på andre arbeidsplasser vil krevje omfattande tilrettelegging og eventuelt omplassering til anna arbeid. I nokre tilfelle vil det vere svært vanskeleg å legge til rette for fortsatt arbeidsdeltaking.

Det er behov for å utvikla meir og betre kunnskap om kva som kan gjerast for å redusere sjukefråvære (Odeen, 2012) og førebygge at arbeidstakarar utviklar helsevanskar på arbeidsplassen (Van Oostrom, 2009).  

Gradert sjukmelding har vore eit tydeleg satsingsområde i avtalen om inkluderande arbeidsliv (FHI, 2013). Ordninga er basert på kunnskap om at dei fleste ikkje er ”heilt friske eller heilt sjuke”, og at ein kan nytte den arbeidsevna ein har, trass sjukdom. Arbeid, aktivitet og kontakt med arbeidsplassen kan gje helsegevinst, redusere barrierar mot seinare retur til arbeid, og dermed førebygge varig utstøyting frå arbeidslivet (FHI, 2013).

Det er observert ein nedgang i sjukefråværet parallelt med at bruken av gradert sjukmelding har gått opp. (FHI, 2013). Finske forskingsresultat tyder på at gradert sjukmelding kan redusere lengda på sjukefråvære og førebygge uføretrygding (Kausto, 2013).  

Høg yrkesdeltaking og folkehelse

Låg arbeidsledigheit og høg yrkesdeltaking vil inkludere fleire i det sosiale fellesskapet som arbeidsplassen kan gi. Det er grunn til å tru at dette vil bidra til å fremme folkehelsa generelt og førebygge psykiske lidingar spesielt.

Tiltak for å hindre lange sjukemeldingar kan vere viktig for å førebygge overgang til uføretrygd. Gode velferdsordningar kan redusere belastningane ved å vere utan arbeid (Ferrarini, 2014).  

Referansar

Arbeidsdepartementet. St.melding 29 2010-2011 Felles ansvar for eit godt og anstendig arbeidsliv - Arbeidsforhold, arbeidsmiljø og sikkerheit. 

Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet. NOU 2012:15. Politikk for likestilling

Baxter, PJ, Aw, T-C, Cockroft, A, Durrington, P & Harrington, JM, Eds. Hunter's Diseases of Occupations. The changing face of occupational disease. London, Hodder Arnold; 2010. 

Benavides, FG, Benach, J, Muntaner, C, Delclos, GL, Catot, N et al. Associations between temporary employment and occupational injury: what are the mechanisms? Occup Environ Med 2006; 63(6): 416-21. 

Bovenzi, M & Palmer, K. Whole body vibration. I: PJ Baxter and D Hunter (Eds.). Hunter's diseases of occupations. 10. utgave. London: Hodder Arnold; 2010. 

Bruusgaard, D, Smeby, L & Claussen, B. Education and disability pension: a stronger association than previously found. Scand J Public Health 2010; 38(7): 686-90. 

Chau, N, Bourgkard, E, Bhattacherjee, A, Ravaud, JF, Choquet, M et al. Associations of job, living conditions and lifestyle with occupational injury in working population: a population-based study. Int Arch Occup Environ Health 2008; 81(4): 379-89. 

Christensen, JO & Knardahl, S. Work and neck pain: a prospective study of psychological, social, and mechanical risk factors. Pain 2010; 151(1): 162-73. 

Claussen, B, Dalgard, OS & Bruusgaard, D. Disability pensioning: can ethnic divides be explained by occupation, income, mental distress, or health? Scand J Public Health 2009; 37(4): 395-400. 

Dahl, E, Bergsli, H & van der Wel, KA. Sosial ulikhet i helse: En norsk kunnskapsoversikt (Hovedrapport). Oslo: Høgskolen i Oslo og Akershus; 2014. 

Dembe, AE, Delbos, R & Erickson, JB. Estimates of injury risks for healthcare personnel working night shifts and long hours. Qual Saf Health Care 2009; 18(5): 336-40. 

Falkstedt, D, Backhans, M, Lundin, A, Allebeck, P & Hemmingsson, T. Do working conditions explain the increased risks of disability pension among men and women with low education? A follow-up of Swedish cohorts. Scand J Work Environ Health 2014. 

Ferrarini, T, Nelson, K & Sjoberg, O. Unemployment insurance and deteriorating self-rated health in 23 European countries. J Epidemiol Community Health 2014. 

Folkehelseinstituttet: A Mykletun and B Brinchmann. Effekter av tiltak under IA-avtalen: rapport fra forskermøte på oppdrag fra Arbeidsdepartementet. Oslo: Folkehelseinstituttet; 2013. 

Foss, L, Gravseth, HM, Kristensen, P, Claussen, B, Mehlum, IS et al. The impact of workplace risk factors on long-term musculoskeletal sickness absence: a registry-based 5-year follow-up from the Oslo health study. J Occup Environ Med 2011; 53(12): 1478-82. 

Gathergood, J. An instrumental variable approach to unemployment, psychological health and social norm effects. Health Econ 2013; 22(6): 643-54. 

Hansen, H-T, Holmås, TH, Islam, MK & Naz, G. Sickness Absence Among Immigrants in Norway: Does Occupational Disparity Matter? European Sociological Review 2014. 

Haukenes, I, Mykletun, A, Knudsen, AK, Hansen, HT & Maeland, JG. Disability pension by occupational class--the impact of work-related factors: the Hordaland Health Study Cohort. BMC Public Health 2011; 11: 406. 

Ihlebæk, C, Brage, S, Natvig, B & Bruusgaard, D. Forekomst av muskel- og skjelettlidelser i Norge. Tidsskr Nor Laegeforen 2010; 130(23): 2365-8. 

Johannessen, HA, Tynes, T & Sterud, T. Effects of occupational role conflict and emotional demands on subsequent psychological distress: a 3-year follow-up study of the general working population in Norway. J Occup Environ Med 2013; 55(6): 605-13. 

Johansson, G & Lundberg, I. Components of the illness flexibility model as explanations of socioeconomic differences in sickness absence. Int J Health Serv 2009; 39(1): 123-38. 

Kausto, J. Effect of partial sick leave on work participation - people and work research reports. Helsinki: Finnish Institute of Occupational Health; 2013, rapport: 102. 

Kivimäki, M, Nyberg, ST, Batty, GD, Fransson, EI, Heikkilä, K et al. Job strain as a risk factor for coronary heart disease: a collaborative meta-analysis of individual participant data. The Lancet 2012; 380(9852): 1491-97. 

Laaksonen, M, Mastekaasa, A, Martikainen, P, Rahkonen, O, Piha, K et al. Gender differences in sickness absence--the contribution of occupation and workplace. Scand J Work Environ Health 2010; 36(5): 394-403. 

Labriola, M, Feveile, H, Christensen, KB, Stroyer, J & Lund, T. The impact of ergonomic work environment exposures on the risk of disability pension: Prospective results from DWECS/DREAM. Ergonomics 2009; 52(11): 1419-22. 

Lindbøl, M. Utviklingen i uførediagnoser per 31. desember 2011 [Notat]. Oslo: NAV. Arbeids- og velferdsdirektoratet, Seksjon for statistikk; 2012. 

Mastekaasa, A. Kvinners og menns sykefravær - en stadig økende forskjell? Søkelys på arbeidslivet 2012; 29(1-2): 21-32. 

NAV. 2014a. Tall og analyse. [hentet 10.02]. 

NAV. 2014b. Uførepensjon: uviklingen i uførepensjon, 31. desember 2013. [hentet 28/4/2014]. 

Odeen, M, Magnussen, LH, Maeland, S, Larun, L, Eriksen, HR et al. Systematic review of active workplace interventions to reduce sickness absence. Occup Med (Lond) 2013; 63(1): 7-16. 

OECD. OECD Factbook 2013: Economic, Environmental and Social Statistics: Organisation for Economic Cooperation and Development; 2014. 

Parent-Thirion, A, Vermeylen, G, van Houten, G, Lyly-Yrjänäinen, M, Biletta, I et al. Fifth European Working Conditions Survey: Eurofound; 2012. 

Piha, K, Laaksonen, M, Martikainen, P, Rahkonen, O & Lahelma, E. Socio-economic and occupational determinants of work injury absence. Eur J Public Health 2013; 23(4): 693-8. 

Ramsden, RT & Saeed, SR. Sound, noise and the ear. I: PJ Baxter and D Hunter (Eds.). Hunter's diseases of occupations. 10. utgave. London: Hodder Arnold; 2010. 

SSB. 2014. Arbeidskraftundersøkelsen. [hentet 30/4/2014]. 

Stansfeld, S & Candy, B. Psychosocial work environment and mental health--a meta-analytic review. Scand J Work Environ Health 2006; 32(6): 443-62. 

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI). Faktabok om arbeidsmiljø og helse 2011 – Status og utviklingstrekk. Oslo: Statens arbeidsmiljøinstitutt; 2011. 

Stattin, M & Jarvholm, B. Occupation, work environment, and disability pension: a prospective study of construction workers. Scand J Public Health 2005; 33(2): 84-90. 

Sterud, T. Work-related gender differences in physician-certified sick leave: a prospective study of the general working population in Norway. Scand J Work Environ Health 2014a; 40(4): 361-9. 

Sterud, T & Johannessen, HA. Do work-related mechanical and psychosocial factors contribute to the social gradient in long-term sick leave: a prospective study of the general working population in Norway. Scand J Public Health 2014b; 42(3): 329-34. 

Sterud, T & Tynes, T. Work-related psychosocial and mechanical risk factors for low back pain: a 3-year follow-up study of the general working population in Norway. Occup Environ Med 2013; 70(5): 296-302. 

van der Heide, I, van Rijn, RM, Robroek, SJ, Burdorf, A & Proper, KI. Is retirement good for your health? A systematic review of longitudinal studies. BMC Public Health 2013; 13: 1180. 

van der Noordt, M, Ijzelenberg, H, Droomers, M & Proper, KI. Health effects of employment: a systematic review of prospective studies. Occup Environ Med 2014. 

van Oostrom, SH, Driessen, MT, de Vet, HC, Franche, RL, Schonstein, E et al. Workplace interventions for preventing work disability. Cochrane Database Syst Rev 2009;(2). 

Waddell, G & Burton, AK. Is work good for your health and well-being? London: TSO; 2006. 

Wang, M-J, Mykletun, A, Møyner, EI, Øverland, S, Henderson, M et al. Job Strain, Health and Sickness Absence: Results from the Hordaland Health Study. PLoS One 2014; 9(4): e96025. 

Wittchen, HU, Jacobi, F, Rehm, J, Gustavsson, A, Svensson, M et al. The size and burden of mental disorders and other disorders of the brain in Europe 2010. Eur Neuropsychopharmacol 2011; 21(9): 655-79.