Hopp til innhold
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Arbeid og helse

Publisert


Arbeid gir tilgang til viktige helsefremmande ressursar som sosiale relasjonar, identitet og personleg vekst, og økonomisk tryggleik. Høg sysselsetting der også personar med redusert arbeidsevne har eit arbeid å gå til, vil vere positivt for folkehelsa. Tiltak for å hindre lange sjukemeldingar kan vere viktige for å førebygge overgang til uføretrygd.


  • Relaterte saker


For dei fleste vaksne er arbeid ein stor og viktig del av livet. Dei som er i arbeid, har i gjennomsnitt betre helse enn dei som står utanfor arbeidslivet. Dette skuldast både «seleksjon», der dei med større helsevanskar møter fleire hindringar på veg inn til arbeidslivet og at sviktande helse fører folk ut av arbeidslivet.

Arbeidsstyrken i Noreg

I Noreg er det ei brei semje om at deltaking i arbeidslivet skal vere mogeleg for så mange vaksne som mogeleg (Dahl, 2014). Dei fleste vaksne er tilknytt arbeidslivet.

Ved utgangen av 2015 vart 70,7 prosent av befolkninga i Noreg rekna som del av arbeidsstyrken. Denne består av alle sysselsette og arbeidsledige personar i aldersgruppa 15–74 år (tal og definisjon ved SSB).

Personar som er inkluderte i arbeidsstyrken kan ha kortare og lengre periodar utanfor arbeidslivet på grunn av tilhøve som oppseiingar og helsevanskar. Arbeidsstyrken ved same tidspunkt var samansett av 67,6 prosent sysselsette og 4,3 prosent arbeidsledige.

Andelen som ikkje er i arbeid

Uførepensjonerte står utanfor arbeidsstyrken. I tillegg er ein andel borte frå arbeid grunna kortvarig eller langvarig sjukdom. Først og fremst er det langtidssjukmeldte som har auka risiko for å gå ut av arbeidsstyrken og over på uføretrygd.

Uførepensjon: Per 31. Desember 2015 fekk 314 800 personar uføretrygd, som tilsvarar 9,4 prosent av befolkninga i alderen 18-67 (NAV, 2015).

Figur 2 viser at om lag 6 prosent har legemeldt sjukefråvære.

FIGUR 2

 

Figur 2: Legemeldt og eigenmeldt sjukefråvære, sesong- og influensajustert. 1. Kvartal 2001-2014. Prosent. Kjelde: Basert på tal frå SSB Statistikkbanken. Klikk på figuren for større versjon. Arbeid - Fig2

Årsaker til fråvære: Fleirtalet av sjukmeldingar og langvarige trygdestønader vert gitt for muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar som angst og depresjon.

Grunnane til at folk ikkje er i arbeid, er mange og samansette, men faktorar som økonomiske konjunkturar og andre endringar på makronivå har verknad på sysselsettinga, kor mange som er sjukmeldte og går over på uførepensjon. Oppdaterte tal på dette finn ein frå www.ssb.no og www.nav.no.     

Andelen som er i arbeid og andelen som får uføretrygd, har vore relativt stabilt dei siste åra.

I den siste tida har talet på uføretrygda, og særleg unge uføre, auka. Dette heng dels saman med at mottakarar av tidsavgrensa arbeidsavklaringspengar ikkje lenger kan stå på denne ordninga (NAV, 2015). 

Internasjonalt

Sysselsettinga i Noreg er blant dei høgste i OECD-landa i alle aldersgrupper og blant begge kjønn (OECD, 2013). Sjå figur 3.

FIGUR 3

Figur 3 . Arbeidsdeltakinga i Noreg og OECD i tre aldersgrupper for åra 2005 og 2011. Prosent. Kjelde: Basert på tal frå OECD (2013) og OECD Factbook 2013. Klikk på figuren for større versjon.

Det er stor variasjon i korleis dei ulike europeiske landa organiserer arbeidslivet. Sett opp mot gjengs standard i Europa, er det i norsk arbeidsliv fleire tilsette i offentlig sektor, fleire har faste arbeidskontraktar, eit robust vern mot oppseiing og full lønn under sjukefråvære.  

Arbeidsledigheit

Psykiske helseplager er vanligare blant arbeidsledige enn grupper som er i arbeid. Ei rekke studier viser at å miste arbeidet gir auka psykiske helseplager, mens den psykiske helsa vert betre når ein kjem inn i arbeid (Paul, 2009, Murphy, 1999, McKee-Ryan, 2005, Reneflot, 2014). Utover arbeidsledigheit, er det og samanhenger mellom kvaliteter ved arbeidet, slik som underbetaling, ufrivillig deltid og manglande samsvar mellom kvalifikasjonar og arbeidsoppgåver, og dårlegare psykisk helse. Fleire internasjonale studier viser samanhenger mellom arbeidsledigheit og sjølvmord (Milner, 2013, Breuer, 2015, Nordt, 2015), men slike er mindre tydelege i Nordiske studier (Reneflot, 2014). Vanskane knytta til arbeidsledigheit heng saman med varigheit, og sikkerheitsnett gjennom gode velferdsordningar er med på å dempe dei helsemessige konsekvensane av arbeidsledigheit (Ferrarini, 2014, Nordström, 2015).

Arbeid som helsefremmande faktor

Arbeid gjev fyrst og fremst økonomisk tryggleik, men når arbeidsmiljøet er tilfredsstillande, kan arbeid i seg sjølv ha positiv verknad på helsa (Waddel, 2006).

  • Arbeid er for mange ei viktig kjelde til økonomisk tryggleik, helsefremmande sosiale relasjonar og personleg vekst (Dahl, 2014).
  • Arbeid strukturerer kvardagen, gir meining og er ein viktig del av den sosiale identiteten for mange (Dahl, 2014).

Tap av arbeid gjev dårlegare psykisk helse (Gathergood, 2013), mens retur til arbeid påverkar psykisk helse i positiv retning (van der Noordt, 2014). Nokre undersøkingar har vist at arbeidstakarar som opplevde at arbeidsmiljøet var dårleg, rapporterte om betre helse etter at dei gjekk av med pensjon (Westerlund, 2009). Ein systematisk litteraturgjennomgang har óg funne støtte for betra psykisk helse etter pensjonering (van der Heide, 2013).

Arena for førebyggande folkehelsearbeid

Sidan dei fleste vaksne er i arbeid, er arbeidsstaden også ein viktig arena for førebyggande arbeid gjennom sosial påverknad og gjennom arbeidsgjevar sitt HMS-arbeid (HOS, 2014).

Arbeidslivet er til dømes ein viktig arena for førebyggande arbeid mot helseskadeleg alkoholbruk (Ames, 2011). Arbeidsstaden som arena for førebygging er også i større grad enn tidligare lagt vekt på i avtalen om et inkluderande arbeidslivet (IA-avtalen) 2014-2018, og i Folkehelsemeldinga (HOD, 2014).

Arbeid og helserisiko

Arbeidsplassen kan også vere ei kjelde til skader, sjukdom og helsevanskar. Mange av desse risikofaktorane har samanheng med risiko for sjukefråvære og uførepensjon (Wang, 2014; Foss, 2011; Stattin, 2005; Labriola, 2009).

Kjende risikofaktorar for sjukdom og uførepensjon er:

  • Psykososiale arbeidsmiljøfaktorar som gir høgare risiko for angst, depresjon og  muskel- og skjelettlidingar.
  • Organisatoriske faktorar som skiftarbeid, manglande opplæring og midlertidige arbeidskontraktar er knytt til auka risiko for arbeidsskader.
  • Tungt fysisk arbeid og uheldige arbeidsstillingar Fysiske arbeidsmiljøfaktorar som vibrasjonar og støy
  • Kjemiske arbeidsmiljøfaktorar som inhalering av støv, røyk, gass og damp, samt hudkontakt med kjemikaliar.

Skader og ulykker: Ulykker på arbeidsplassen rammer ofte unge arbeidstakarar og kan få store konsekvensar for livsløpet. Talet på arbeidsulykker og arbeidsskadedødsfall har vore ganske stabile i dei seinare åra (Gravseth, 2010, Arbeidstilsynet, 2015), men gjennomgang av hendingane tyder på at det framleis er potensiale for å førebygge ulykker i arbeidslivet (Arbeidstilsynet, 2015).   

Tiltak for å sikre høg arbeidsdeltaking og låg uføretrygding

Det er grunn til å tru at låg arbeidsledigheit, høg yrkesdeltaking og redusert risiko i arbeidsmiljøet er med på å fremme folkehelsa.

·       Det blir gjort ein kontinuerlig innsats for å identifisere helserisiko på arbeidsplassane, særleg i samband med innføring av nye arbeidsformer og ny teknologi (Baxter, 2010). Arbeidsmiljølova lovfester dette arbeidet, og forpliktar både arbeidsgjevarar, arbeidstakarar, bedriftshelseteneste og tilsynsmyndigheiter til å bidra.

·       Utover det førebyggande arbeidet trengs gode og effektive tiltak for dei som utviklar sjukdom og kan hindre unødig overgang til uføretrygd for dei som har lengre sjukefråvere (Reme, 2015).

For arbeidstakarar med helseproblem er det ikkje eit eintydig forhold mellom helsevanskar og arbeidsdeltaking. Faktorar knytt både til helse og arbeid betyr noko for om ein arbeidstakar med gitt helseproblem kan halde fram i arbeid eller ikkje.  

Det er behov for å utvikla meir og betre kunnskap om kva som verkar inn på sjukefråværet (Odeen, 2012) og korleis me betre førebygger utvikling av helsevanskar på arbeidsplassen (Van Oostrom, 2009).  

For dei som ikkje er i arbeid, er det viktig med gode og treffsikre velferdsordningar for å redusere belastningane ved å stå utanfor arbeidslivet (Ferrarini, 2014). 

Referansar

Arbeidsdepartementet. St.melding 29 2010-2011 Felles ansvar for eit godt og anstendig arbeidsliv - Arbeidsforhold, arbeidsmiljø og sikkerheit.

Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet. NOU 2012:15. Politikk for likestilling

Baxter, PJ, Aw, T-C, Cockroft, A, Durrington, P & Harrington, JM, Eds. Hunter's Diseases of Occupations. The changing face of occupational disease. London, Hodder Arnold; 2010.

Benavides, FG, Benach, J, Muntaner, C, Delclos, GL, Catot, N et al. Associations between temporary employment and occupational injury: what are the mechanisms? Occup Environ Med 2006; 63(6): 416-21.

Bovenzi, M & Palmer, K. Whole body vibration. I: PJ Baxter and D Hunter (Eds.). Hunter's diseases of occupations. 10. utgave. London: Hodder Arnold; 2010.

Breuer, C. Unemployment and suicide mortality: Evidence from regional panel data in Europe. Health economics 2015;24:936-950.

Bruusgaard, D, Smeby, L & Claussen, B. Education and disability pension: a stronger association than previously found. Scand J Public Health 2010; 38(7): 686-90.

Chau, N, Bourgkard, E, Bhattacherjee, A, Ravaud, JF, Choquet, M et al. Associations of job, living conditions and lifestyle with occupational injury in working population: a population-based study. Int Arch Occup Environ Health 2008; 81(4): 379-89.

Christensen, JO & Knardahl, S. Work and neck pain: a prospective study of psychological, social, and mechanical risk factors. Pain 2010; 151(1): 162-73.

Claussen, B, Dalgard, OS & Bruusgaard, D. Disability pensioning: can ethnic divides be explained by occupation, income, mental distress, or health? Scand J Public Health 2009; 37(4): 395-400.

Dahl, E, Bergsli, H & van der Wel, KA. Sosial ulikhet i helse: En norsk kunnskapsoversikt (Hovedrapport). Oslo: Høgskolen i Oslo og Akershus; 2014.

Dembe, AE, Delbos, R & Erickson, JB. Estimates of injury risks for healthcare personnel working night shifts and long hours. Qual Saf Health Care 2009; 18(5): 336-40.

Falkstedt, D, Backhans, M, Lundin, A, Allebeck, P & Hemmingsson, T. Do working conditions explain the increased risks of disability pension among men and women with low education? A follow-up of Swedish cohorts. Scand J Work Environ Health 2014.

Ferrarini, T, Nelson, K & Sjoberg, O. Unemployment insurance and deteriorating self-rated health in 23 European countries. J Epidemiol Community Health 2014.

Folkehelseinstituttet: A Mykletun and B Brinchmann. Effekter av tiltak under IA-avtalen: rapport fra forskermøte på oppdrag fra Arbeidsdepartementet. Oslo: Folkehelseinstituttet; 2013.

Foss, L, Gravseth, HM, Kristensen, P, Claussen, B, Mehlum, IS et al. The impact of workplace risk factors on long-term musculoskeletal sickness absence: a registry-based 5-year follow-up from the Oslo health study. J Occup Environ Med 2011; 53(12): 1478-82.

Gathergood, J. An instrumental variable approach to unemployment, psychological health and social norm effects. Health Econ 2013; 22(6): 643-54.

Hansen, H-T, Holmås, TH, Islam, MK & Naz, G. Sickness Absence Among Immigrants in Norway: Does Occupational Disparity Matter? European Sociological Review 2014.

Haukenes, I, Mykletun, A, Knudsen, AK, Hansen, HT & Maeland, JG. Disability pension by occupational class--the impact of work-related factors: the Hordaland Health Study Cohort. BMC Public Health 2011; 11: 406.

Ihlebæk, C, Brage, S, Natvig, B & Bruusgaard, D. Forekomst av muskel- og skjelettlidelser i Norge. Tidsskr Nor Laegeforen 2010; 130(23): 2365-8.

Johannessen, HA, Tynes, T & Sterud, T. Effects of occupational role conflict and emotional demands on subsequent psychological distress: a 3-year follow-up study of the general working population in Norway. J Occup Environ Med 2013; 55(6): 605-13.

Johansson, G & Lundberg, I. Components of the illness flexibility model as explanations of socioeconomic differences in sickness absence. Int J Health Serv 2009; 39(1): 123-38.

Kausto, J. Effect of partial sick leave on work participation - people and work research reports. Helsinki: Finnish Institute of Occupational Health; 2013, rapport: 102.

Kivimäki, M, Nyberg, ST, Batty, GD, Fransson, EI, Heikkilä, K et al. Job strain as a risk factor for coronary heart disease: a collaborative meta-analysis of individual participant data. The Lancet 2012; 380(9852): 1491-97.

Laaksonen, M, Mastekaasa, A, Martikainen, P, Rahkonen, O, Piha, K et al. Gender differences in sickness absence--the contribution of occupation and workplace. Scand J Work Environ Health 2010; 36(5): 394-403.

Labriola, M, Feveile, H, Christensen, KB, Stroyer, J & Lund, T. The impact of ergonomic work environment exposures on the risk of disability pension: Prospective results from DWECS/DREAM. Ergonomics 2009; 52(11): 1419-22.

Lindbøl, M. Utviklingen i uførediagnoser per 31. desember 2011 [Notat]. Oslo: NAV. Arbeids- og velferdsdirektoratet, Seksjon for statistikk; 2012.

Mastekaasa, A. Kvinners og menns sykefravær - en stadig økende forskjell? Søkelys på arbeidslivet 2012; 29(1-2): 21-32.

McKee-Ryan, F, Song, Z, Wanberg, CR, Kinicki, AJ. Psychological and physical well-being during unemployment: a meta analytic study. J Appl Psychol 2005;90(1):53-76.

Milner, A, Page, A, LaMontagne, AD. Long-term Unemployment and Suicide: A Systematic Review and Meta-Analysis. Plos one 2013;doi:10.1371/journal.pone.0051333

Murphy, GC, Athanasou, JA. The effect of unemployment on mental health. Journal of Occupational and Organizational Psychology;1999:72:83-99.

NAV. 2014a. Tall og analyse. [hentet 10.02].

NAV. 2014b. Uførepensjon: uviklingen i uførepensjon, 31. desember 2013. [hentet 28/4/2014].

Nordström, T, Grönqvist H. The great recession, unemployment and suicide. J Epidemiol Community Health 2015;69:110-116.

Nordt, C, Warnke, I, Seifritz, E, Kawohl, W. Modelling suicide and unemployment: a longitudinal analysis covering 63 countries, 2000-11. Lancet psychiatry 2015;2(3):239-245.

Odeen, M, Magnussen, LH, Maeland, S, Larun, L, Eriksen, HR et al. Systematic review of active workplace interventions to reduce sickness absence. Occup Med (Lond) 2013; 63(1): 7-16.

OECD. OECD Factbook 2013: Economic, Environmental and Social Statistics: Organisation for Economic Cooperation and Development; 2014.

Parent-Thirion, A, Vermeylen, G, van Houten, G, Lyly-Yrjänäinen, M, Biletta, I et al. Fifth European Working Conditions Survey: Eurofound; 2012.

Paul, KI, Moser K. Unemployment impairs mental health: Meta-analyses. Journal of Vocational Behaviour 2009;74:264-282.

Piha, K, Laaksonen, M, Martikainen, P, Rahkonen, O & Lahelma, E. Socio-economic and occupational determinants of work injury absence. Eur J Public Health 2013; 23(4): 693-8.

Reneflot A, Evensen M. Unemployment and psychological distress in the Nordic countries: A review of the literature. Int J Soc Welfare 2014;23:3-15.

Ramsden, RT & Saeed, SR. Sound, noise and the ear. I: PJ Baxter and D Hunter (Eds.). Hunter's diseases of occupations. 10. utgave. London: Hodder Arnold; 2010.

SSB. 2014. Arbeidskraftundersøkelsen. [hentet 30/4/2014].

Stansfeld, S & Candy, B. Psychosocial work environment and mental health--a meta-analytic review. Scand J Work Environ Health 2006; 32(6): 443-62.

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI). Faktabok om arbeidsmiljø og helse 2011 – Status og utviklingstrekk. Oslo: Statens arbeidsmiljøinstitutt; 2011.

Stattin, M & Jarvholm, B. Occupation, work environment, and disability pension: a prospective study of construction workers. Scand J Public Health 2005; 33(2): 84-90.

Sterud, T. Work-related gender differences in physician-certified sick leave: a prospective study of the general working population in Norway. Scand J Work Environ Health 2014a; 40(4): 361-9.

Sterud, T & Johannessen, HA. Do work-related mechanical and psychosocial factors contribute to the social gradient in long-term sick leave: a prospective study of the general working population in Norway. Scand J Public Health 2014b; 42(3): 329-34.

Sterud, T & Tynes, T. Work-related psychosocial and mechanical risk factors for low back pain: a 3-year follow-up study of the general working population in Norway. Occup Environ Med 2013; 70(5): 296-302.

van der Heide, I, van Rijn, RM, Robroek, SJ, Burdorf, A & Proper, KI. Is retirement good for your health? A systematic review of longitudinal studies. BMC Public Health 2013; 13: 1180.

van der Noordt, M, Ijzelenberg, H, Droomers, M & Proper, KI. Health effects of employment: a systematic review of prospective studies. Occup Environ Med 2014.

van Oostrom, SH, Driessen, MT, de Vet, HC, Franche, RL, Schonstein, E et al. Workplace interventions for preventing work disability. Cochrane Database Syst Rev 2009;(2).

Waddell, G & Burton, AK. Is work good for your health and well-being? London: TSO; 2006.

Wang, M-J, Mykletun, A, Møyner, EI, Øverland, S, Henderson, M et al. Job Strain, Health and Sickness Absence: Results from the Hordaland Health Study. PLoS One 2014; 9(4): e96025.

Wittchen, HU, Jacobi, F, Rehm, J, Gustavsson, A, Svensson, M et al. The size and burden of mental disorders and other disorders of the brain in Europe 2010. Eur Neuropsychopharmacol 2011; 21(9): 655-79.