Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Rapport

UngKul-rapport nr. 1 - Når hverdagen normaliseres: Psykisk helse og sosiale relasjoner blant flyktninger som kom til Norge uten foreldrene sine

Rapporten handler om psykisk helse og sosiale relasjoner blant unge flyktninger som har kommet til Norge uten foreldrene sine. Nære relasjoner og tilhørighet til ulike sosiale nettverk er svært viktig i ungdommenes nye tilværelse når det gjelder psykologisk tilpasning og psykisk helse. Vi er blant annet interessert i hvor mange venner og andre fortrolige ungdommene har, og om de føler de får hjelp og støtte når de har behov for det. Vi ser også på hvilke belastninger ungdommene opplever i nettverkene de har tilknytning til.


  • Utgitt: August 2008
  • Forfattere: Brit Oppedal, Laila Jensen og Karoline B. Seglem.

Bestill

Last ned:

Hovedbudskap

Fleirtalet av einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar slit med einsemd etter at dei er blitt busette i Noreg. Det viser ein rapport frå Folkehelseinstituttet. Likevel er ungdomane flinke til å ta opp att kontakten med familien i utlandet, og å etablere nye relasjonar til vaksne og barn i Noreg.

Hittil har det vore lite kunnskap om korleis det går med dei mindreårige flyktningane og asylsøkjarane som kjem aleine til Noreg.

Rapporten byggjer på informasjon frå 142 einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar (EM-ungdomane) som kom aleine til Noreg mellom oktober 2000 og september 2007, og som no er busette i Noreg. Dei fleste kjem frå Somalia og Afghanistan, men også frå Irak, Sri Lanka og andre land. Dei aller fleste kjem frå land med krig og interne konfliktar. Den yngste var 3 år då vedkomande reiste frå heimlandet sitt, den eldste 17 år. Fleire hadde vore innom fleire land før dei kom aleine til Noreg.

3 av 4 ofte einsame

Eit av hovudtema som går att i samtalene med EM-ungdomane, er einsemd. I spørjeskjemaet har 75 prosent kryssa av på at dei ofte føler seg einsame.

- Brot på relasjonar og tap av nære tilknytningspersonar er eit fellestrekk ved dei einsleges situasjon. Når ungdomane har fått innvilga asylsøknaden sin, er det slutten på lange månader med uvisse og spenning. Når dei er på plass i kvar sin bustadkommune, begynner ein ny fase i livet deira, sjølv om framtida nok for mange kjennest utrygg. Ei av dei viktigaste oppgåvene til EM-ungdomane i denne fasen, er å ta opp att kontakt med familie og venner i utlandet og å etablere nye sosiale nettverk i Noreg. Gjennom oppfølgingsundersøkingar vil vi få kjennskap til om dei blir mindre einsame med åra, seier leiar av studien Brit Oppedal.

Godt integrert sosialt

Av dei 142 ungdomane som denne rapporten baserer seg på, fortel 98 at dei har kontakt med familie, enten i Noreg eller i utlandet. Kontakt med familie i Noreg er som oftast søsken, tante eller onkel.

Banda til familien i utlandet synest å vere sterke på tvers av landegrensene. Dei aller fleste ungdomane som har kontakt med familien i utlandet, seier at dei føler seg knytt til familien sin, og at dei kan rekne med hjelp frå familien om dei skulle trenge det. Mens gutane i noko større grad enn jentene opplyser at familien legg vekt på meiningane deira, seier relativt fleire jenter at familien deira stiller opp når dei treng hjelp. Blant dei som ikkje har kontakt med familie i utlandet, opplever dei fleste likevel at støtten frå familien i utlandet er god.

EM-ungdomane har mange venner i Noreg, både blant etnisk norske og ungdomar frå andre kulturar. Over halvparten svarar at dei oftast eller alltid kjenner at dei høyrer til der dei bur no, og alle kjenner enten barn eller vaksne i nærmiljøet sitt.

- Dersom ein har ei trygg og stabil tilknyting til ulike sosiale nettverk, og får støtte frå familie, vener og andre personar som står ein nær, er dette kanskje den viktigaste ressursen for å overkome og førebyggja psykiske plager, seier Oppedal.

Har meir psykiske plager

Dei einslege mindreårige som kjem til Noreg, har meir psykiske plager (symptom på depresjon og post-traumatisk stress) enn etnisk norske og ungdomar med innvandrarbakgrunn som bur saman med foreldra sine.

Depresjon måler ein ved at ungdomane kryssar av for kor ofte dei i løpet av den siste månaden har opplevd ulike symptom. Over av 50 prosent av EM-ungdomane, og 30 prosent av ungdom med innvandrarbakgrunn som bur saman med foreldra sine, har så mye depresjon at ein antek at det går ut over aktivitetane deira i kvardagen.

Mange av ungdomane som deltok i undersøkinga har opplevd krig. – Traumatiske stressplager etter krigsopplevinger er truleg noko av grunnen til at såpass mange EM-ungdomar har depresjon, seier Brit Oppedal.

Denne studien er ein del av Folkehelseinstituttet si studie UngKul; Ungdom, Kultur og Meistring.

  • Relaterte saker