Sal av reseptfrie legemidlar
Rekordsal av nasespray i 2017
Artikkel
|Publisert
Aldri før har folk kjøpt så mykje nasespray som i 2017. Då vart det selt seks millionar flasker. Sju av ti flasker vert no kjøpt i butikk, kiosk eller på bensinstasjon, viser nye tal frå Folkehelseinstituttet.
Salet av nasespray i og utanom apotek har auka gjennom fleire år, men i 2017 var aukinga på heile 11 prosent målt i dosar (definerte døgndosar, DDD), ifølgje Folkehelseinstituttet sine nye tal for sal av reseptfrie legemiddel.
Nasespray skal brukast berre i avgrensa periodar – maksimalt ti dagar samanhengande.
– Nasespray lindrar raskt symptoma, men bruk over lenger tid kan mellom anna føre til vedvarande tett nase, advarar seniorrådgjevar i Folkehelseinstituttet, Solveig Sakshaug.
- Legemiddelverket på helsenorge.no: Rett bruk av nasespray
Dobla på 18 år
Figur 1 viser at salet av nasespray er dobla sidan 1999. Det har aldri vore så høgt som i 2017.
Figur 1. Sal av nasespray som vert brukt ved tett nase, vist i dosar (definerte døgndosar, DDD) per 1000 innbyggjarar per døgn, fordelt på sal i og utanom apotek i perioden 1999–2017.

Sakshaug understrekar at sesongvariasjonar av influensa og pollenallergi påverkar salet av nasespray.
– Pollenspreiinga starta tidligare enn normalt i 2017 på grunn av ein mild vinter. Dette kan ha medverka til at aukinga i 2017 var større enn tidligare, seier Sakshaug.
Samla sal i og utanfor apotek
Tabell 1 viser dei mest selde reseptfrie legemidla i butikk, kiosk, bensinstasjonar og apotek sett under eitt.
Verkestoff(ATC-kode)
|
Bruk |
Totalt mengd
|
Sal i 2017(vist som DDD/1000 innbyggjarar/døgn) |
Prosentvis endring frå 2016(mengd DDD reseptfritt sal) |
Ibuprofen (M01AE01) |
Smerter |
4,0 |
9,3 |
1 |
Paracetamol (N02BE01) |
Smerter |
9,2 |
14,8 |
-1 |
Nikotin (N07BA01) |
Røykeavvenning |
1,8 |
7,8 |
7 |
Nasespray* (R01AA05, R01AA07, R01AB06) |
Tett nase ved forkjøling |
6,3 |
39,6 |
11 |
Cetirizin (R06AE07)
|
Allergimedisin |
0,5 |
5,8 |
8 |
*omfatter verkestoffa oxymetazolin og xylometazolin (inkludert kombinasjonen med ipratropiumbromid)
Kjelde: Grossistbasert legemiddelstatistikk, Folkehelseinstituttet
Sal berre utenom apotek
Verkestoff(varemerker) |
2010 |
2011 |
2012 |
2013 |
2014 |
2015 |
2016 |
2017 |
Ibuprofen (Ibux®) |
39 |
38 |
39 |
38 |
38 |
40 |
39 |
39 |
Paracetamol (Paracet®) |
48 |
50 |
50 |
51 |
52 |
54 |
54 |
55 |
Nikotin (Nicorette®/Nicotinell®) |
25 |
31 |
35 |
39 |
44 |
47 |
47 |
49 |
Xylometazolin (Otrivin®) |
57 |
61 |
62 |
64 |
65 |
67 |
68 |
69 |
Xylometazolin/ ipratropiumbromid (Otrivin comp®) |
- |
- |
- |
20 |
30 |
35 |
32 |
33 |
Cetirizin (Zyrtec®) |
8 |
10 |
19 |
23 |
23 |
26 |
23 |
23 |
Kjelde: Grossistbasert legemiddelstatistikk, Folkehelseinstituttet
Auka sal også av nikotinhaldige legemiddel
Dei nye tala viser at salet av nikotinhaldige røykeavvenningsmiddel i 2017 auka med seks prosent målt i dosar. Også salet av nikotinhaldige legemiddel har gradvis auka over tid.
Salet utanom apotek har auka jamt sidan det vart lov å selje desse legemidla i butikk i 2003 (figur 2), og i 2017 vart rundt halvparten av dosane selde der.
Nikotinhaldige legemiddel finst i mange ulike variantar, til dømes tyggegummi og plaster. Tyggegummi som finst i mange smaksvariantar, er dei mest selde. Dei utgjorde 80 prosent av salet av nikotinhaldige legemiddel i 2017.
Figur 2. Totalt sal av nikotinhaldige røykeavvenningsmidler, vist i dosar (definert døgndosar, DDD) per 1000 innbyggjarar per døgn fordelt på sal i og utanom apotek i perioden 1999–2017.

Smertestillande midler
Paracetamol
Salet av reseptfrie pakningar av paracetamol målt i dosar, gjekk ned med ein prosent i 2017, medan delen som vart seld utanom apotek har vore ganske stabil dei siste fem åra (tabell 2). I 2017 vart det seld meir enn ni millionar pakningar med reseptfri paracetamol. Det svarar til at kvar innbyggjar dette året i snitt kjøpte nesten to esker med 20 tablettar.
Totalsalet av paracetamol (reseptpliktig og reseptfritt) auka med fem prosent i 2017. Reseptfrie pakningar utgjer ein stadig synkande del av totalsalet i dosar av paracetamol. Andelen dette året var 35 prosent.
Ibuprofen
Sal av reseptfrie pakningar av ibuprofen, målt i dosar, auka med ein prosent frå 2016 til 2017, medan delen seld i butikk var stabil (tabell 2).
Totalt sal av ibuprofen (reseptpliktig og reseptfritt) auka med to prosent i 2017 i forhold til 2016.
Middel mot allergi
Sal av reseptfrie cetirizin (antihistamin) tablettar auka med åtte prosent i 2017. Delen som vart seld utanom apotek var stabil på 23 prosent dette året (tabell 2). Totalsalet av alle typar allergitablettar (reseptfrie og reseptpliktige), målt i dosar, auka med vel fem prosent frå 2016 til 2017. Reseptfrie allergitablettar utgjorde ti prosent av totalsal målt i dosar, ein del som har vore stabil over tid.
Naudprevensjon
Totalt vart det seld 122 500 dosar med naudprevensjon i 2017. Av dette vart 8 400 dosar (sju prosent) kjøpte i butikk. Totalt selde dosar av naudprevensjon vart redusert med fem prosent i 2017.
Andre legemiddel
Utvalet av legemiddel som vert tatt inn av daglegvarekjedane endrar seg lite sjølv om Statens legemiddelverk utvider lista over kva som vert tillate seld utanom apotek. Legemidla i dei to tabellane ovanfor utgjorde 97 prosent av legemiddelomsetninga utanom apotek i 2017.