Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Fakta om demens

Demens er fellesnemninga på fleire sjukdommar som i første rekkje inneber problem med minnet, men også andre alvorlege symptom.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Hukommelse og mental funksjon sviktar

Demenssjukdom inneber at minnefunksjonen og minst ein annan mental funksjon (kognitiv funksjon) sviktar - det kan til dømes vere planlegging, dømmekraft eller evna til abstrakt tenking. 

Demens utviklar seg ofte over mange år, men for enkelte kan det gå raskare, avhengig av kva som har forårsaka sjukdomsutviklinga. Dei fleste demenssjukdommar er kroniske, kan ikkje gå tilbake eller kurerast, og dei blir verre etter som tida går.

Diagnosen demens inneber at det kan påvisast nedsett minnefunksjon, og i tillegg svikt i minst ein annan kognitiv funksjon slik at ein får vanskar med å meistre kvardagssyslar. Det kan dreie seg om svekt kommunikasjons- og orienteringsevne og vanskar med å halde oppe tidlegare lærte ferdigheiter.

Endringane i hjernen kan også gi redusert evne til innsikt og dårlegare dømmekraft. Kontrollen med kjensler og sosial åtferd kan svikte. Personlegdommen kan forandre seg.

For å stille diagnosen demens etter kriteria frå Verdas helseorganisasjon (ICD–10) er det eit krav at symptoma har vart i minst 6 månader (ICD–10), og at den kognitive svikten reduserer evna til å fungere i dagleglivet. Som oftast er ein demensdiagnose basert på ulike testar og samtalar med pasient og pårørande.

Ein viktig del av diagnostiseringa er å utelukke andre moglege årsaker til svikt i minnefunksjonen.

Ulike demenslidingar

Mange lidingar kan føre til demens. Ofte er det vanskeleg å avgjere kva type demens ein person har. Til hovudgruppene er rekna

  • Alzheimers sjukdom: Det er anteke at om lag 60 prosent av dei som blir ramma av demens, har Alzheimers sjukdom. Sjukdommen er knytt til feil i nedbrytinga av protein, slik at det vert danna såkalla plakk og nevrofibrillære flokar i hjernen.
  • Vaskulær demens: Det er anteke at om lag 20 prosent har vaskulær demens, dvs. demens som kjem av redusert blodforsyning til delar av hjernen. Den årsaka som ligg bak, kan vere ei eller fleire tilstoppa blodårar som har ført til hjerneinfarkt, eller det kan vere annan skade eller sjukdom i blodårane i hjernen. Det kan også vere andre årsaker til at delar av hjernen får for lite oksygen.
  • Demens med såkalla Lewy-lekamar, ofte knytt til Parkinsons sjukdom. Det er stor uvisse om kor vanleg denne demensforma er.
  • Frontotemporaldemens, som kjem av forandringar i panne- og tinninglappane i hjernen.
  • Blanda demens. Dette er truleg ein hyppig tilstand, særleg i dei seinaste fasane av ein demenssjukdom. Det kan t.d. vere ei blanding av Alzheimers sjukdom og vaskulær demens eller Alzheimers sjukdom og demens med Lewy-lekamar. (Ref. m.a. Ince PG).

Førekomst

Sjå dei nyaste tale for førekomst i Folkehelserapporten 2014:

Demens - Folkehelserapporten 2014 - kapittel i Folkehelserapprten 2014

Risiko- og vernefaktorar

Kjønn: Det er rekna med at kvinner har høgare risiko enn menn. Dette kan komme av at kvinner blir eldre enn menn og dermed har større risiko, men nyare forsking tyder på at kvinner kan ha høgare risiko for Alzheimer uavhengig av aldersrisikoen.

Alder: Aukande alder er den viktigaste risikofaktoren for å utvikle demens, og risikoen stig særleg etter 80 år.

Arv: Alzheimers sjukdom er den vanlegaste av demenssjukdommane. Personar som har nære slektningar med Alzheimers sjukdom, har større risiko for sjølv å bli ramma. Ein variant av genet for apolipoprotein E (ApoE), ApoEe4-allelen, hevar risikoen for Alzheimers sjukdom, men samanhengen med dei andre demensformene er mindre sterk. Også andre gen kan vere knytte til utvikling av Alzheimers sjukdom. Dei arvelege faktorane utgjer likevel berre ein del av det samansette årsaksbiletet. Forskinga på demens og arv er under sterk utvikling, og kunnskapen veks heile tida.

Andre faktorar: Ei gunstig ”hjarte-og-kar-helse” hos middelaldrande kan førebyggje demens i eldre år. Fleire av dei faktorane som førebyggjer hjarte- og karsjukdommar, kan også førebyggje eller utsetje utvikling av demens. Mellom anna gjeld dette kontroll med blodtrykk og kolesterol, og fysisk aktivitet.

Også mental aktivitet er førebyggjande. Høgt utdanna har lågare demensrisiko enn personar med lågare utdanning. Vi kjenner ikkje verknadsmekanismane for dette. Eit forslag er at det har med reservekapasiteten i hjernen å gjere, men det finst også andre hypotesar.

Andre faktorar som det er rekna med kan ha samanheng med utvikling av demens, men der det førebels er utilstrekkeleg kunnskap, er mellom anna hovudskadar med medvitstap, diabetes, hormonerstatning, røyking, kosthald, overvekt og depresjon. Behandling med legemiddel av typen statin og godt sosialt nettverk kan vere vernande mot demens, men kunnskapen om dette er ikkje tilstrekkeleg i dag. Vidare forsking er nødvendig for å utvide kunnskapen om risiko- og vernefaktorar for demens.
(Ref. Kivipelto M, Langa KM, Staessen JA. )

Behandling

Personar med demens treng pleie og omsorgstiltak. Det er anteke at halvparten av alle demente personar i Noreg i dag bur i sjukeheim. Dei andre bur heime. Enkelte legemiddel blir nytta for å behandle symptom, men effekten er omdiskutert.

Samfunnsøkonomi

Det er rekna med at tiltak for personar med demens vil koste ca. 18 milliardar kroner for året i 2020. Personar med demens er den største diagnosegruppa blant brukarane av kommunale omsorgstenester. (Kjelde: Helsedirektoratet: Glemsk, men ikke glemt).

Forsking og overvaking ved Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet (FHI) er med i to pågåande forskningsprosjekt om demenssjukdom, og er dessutan med i planlegginga av to nye prosjekt.

Se også: Demensforskning ved Folkehelseinstituttet

Internasjonalt

Dersom ein tek omsyn til alderssamansetninga i befolkninga, er det er små forskjellar mellom ulike land. Alzheimers sjukdom er den vanlegaste forma for demens i alle land. Vaskulær demens er hyppigare i Asia enn i andre verdsdelar.

Om lag 10 prosent av verdas befolkning er i dag over 60 år. FNs prognosar tyder på at denne delen vil stige til 25 prosent innan 2050. I Europa vil dei delane av befolkninga som er over 60 år, stige frå 20 til 35 prosent. Det er rekna med at i vestlege land har i dag frå 2,2 til 8,4 prosent av alle over 65 år demens.

  • Engedal K, Haugen K m.fl. Demens. Fakta og utfordringer. 4. utg. 2005. Forlaget Aldring og helse, Tønsberg.
  • Helsedirektoratet, 2007: Glemsk, men ikke glemt. Rapport om demens; dagens situasjon og framtidas utfordringer for å styrke tjenestetilbudet til personer med demens. IS-1486.
  • Ince PG, McArthur FK, Bjertness E, Torvik A, Candy JM, Edwardson JA. Dementia. 1995; 6: 162-8.
  • Kivipelto M et al. Obesity and vascular risk factors at midlife and the risk of dementia and Alzheimer disease.
    Arch Neurol. 2005; 62: 1556-60.
  • Langa KM et al. Trends in the prevalence and mortality of cognitive impairment in the United States: Is there evidence of a compression of cognitive morbidity? Alzheimer's & Dementia 2008; 4(2): 134-44.
  • Rockwood K, Stadnyk K. The Prevalence of Dementia in the Elderly - A Review. Canadian Journal of Psychiatry-Revue Canadienne de Psychiatrie 1994; 39: 253-57.
  • Rovio et al. Leisure time physical activity at midlife and the risk of dementia and Alzheimer's disease. Lancet Neurology 2005; 11, 705-711.
  • Seshadri S, Wolf PA. Lifetime risk of stroke and dementia: current concepts, and estimates from the Framingham Study. Lancet Neurol 2007; 6: 1106-1114.
  • Staessen, J. A. et al. Less Atherosclerosis and Lower Blood Pressure for a Meaningful Life Perspective With More Brain. Hypertension 2007;49:389-400.
  • Socialstyrelsen, 2010. Nationella riktlinjer för vård och omsorg vid demenssjukdom.
  • Statens beredning för medicinsk utvärdering, Sverige (SBU), 2006: Demenssjukdomar. En systematisk litteraturöversikt og "Dementia – Etiology and epidemiology. A systematic Review" (2008). Rapport NO 172E/1-volum 1.
  • Verdens helseorganisasjon (WHO). International Classification of Diseases (ICD), 10th Revision.

 

Relaterte saker

Eksterne lenker