Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Europeiske legemiddelmyndigheiter tilrår avgrensa bruk av Pandemrix til barn og unge

CHMP (Den europeiske vitenskaplege legemiddelkomiteen) har tilrådd å avgrense bruken av pandemivaksinen Pandemrix hos personar under 20 år. Dette fordi det truleg er eit samband mellom vaksinering med Pandemrix og utvikling av narkolepsi hos personar under 20 år.

CHMP byggjer konklusjonen på epidemiologiske undersøkingar frå Finland og Sverige, foreløpige data frå ein epidemiologisk studie som blir gjennomført i åtte EU-land inkludert Noreg (VAESCO) og meldingar om biverknader.

Se også: pressemeldinga frå det europeiske legemiddelkontoret (European Medicines Agency/EMA)

Det er ikkje sett ei auking i førekomst av narkolepsi blant vaksinerte over 20 år. Generelt blir nytten av Pandemrix framleis vurdert som større enn risikoen.

- Folkehelseinstituttet ser alvorleg på konklusjonane til CHMP. Vi har stor sympati med dei som er ramma av uventa biverknader etter vaksinering med Pandemrix. Vi er glade for at denne gjennomgangen no er utført på europeisk nivå, seier direktør Geir Stene-Larsen.

- Pandemrix blei nytta under pandemien, men har ikkje vore i bruk i Noreg det siste året. Personar som får skadar i samanheng med vaksinar gitt i offentlege vaksineprogram, vil ha krav på erstatning og kan kontakte Norsk Pasientskadeerstatning, seier Stene-Larsen.

Vidare undersøkingar er nødvendige

Resultata frå Finland og Sverige viste at barn og ungdom som fekk Pandemrix, hadde seks til 13 gonger høgare risiko for å utvikle narkolepsi enn barn og ungdom som ikkje fekk vaksinen. Dette svarer til tre til sju ekstra tilfelle av narkolepsi blant 100 000 vaksinerte. Foreløpige tal frå VAESCO-studien bekreftar signala frå den finske studien, medan ei tilsvarande auking førebels ikkje er bekrefta i andre land. CHMP understrekar at vidare undersøkingar er nødvendige.

Genetiske faktorar og gjennomgåtte infeksjonar kan også påverke risikoen for utvikling av narkolepsi. Eksponering for spesifikke infeksjonssjukdommar (inkludert H1N1) ved ulike aldrar, særleg øvre luftvegsinfeksjonar, kan ha bidratt til observasjonane som er gjort i Finland og Sverige. CHMP håpar at vidare studiar kan belyse dette.

CHMP tilrår å avgrense bruken av Pandemrix hos personar under 20 år. Barn og ungdom skal berre få Pandemrix dersom det ikkje er mogleg å skaffe sesonginfluensavaksine (som gir vern mot H1N1) – og berre til barn og unge med auka risiko for komplikasjonar ved H1N1-influensa.

I Noreg er det meldt 24 tilfelle av narkolepsi etter vaksinering med Pandemrix, 19 tilfelle hos barn i alderen fire til 19 år og fem hos vaksne. I Noreg blei rundt 600 000 personer under 20 år vaksinerte med Pandemrix.

Folkehelseinstituttet ber framleis helsepersonell melde frå om tilfelle av narkolepsi etter vaksinering med Pandemrix. Folkehelseinstituttet formidlar all informasjon til Legemiddelverket, som samarbeider med sine søsterorganisasjonar i Europa.