Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet
FHI-rapport:

Inneklimarapporten i ny og revidert utgåve

Rapporten inneheld anbefalte normer for inneklima, praktiske råd og ein oppdatert kunnskapsoppsummering på fagområdet.

forsidebilde av rapport
Rapporten «Anbefalte faglige normer for inneklima» erstattar utgåva frå 2013, og inneheld eitt kapittel om inneklima og helse, eitt kapittel med gode råd for inneklimaarbeid og 15 kapittel om ulike inneklimafaktorar. Normene som presenteres gir grunnlag for å kunne gjennomføre ein helsefagleg vurdering av inneluftkvalitet.

Kva er nytt?

Det tidlegare kapittelet om asbest og syntetiske mineralfiber er nå delt i to separate kapittel. Dette fordi eksponering for de to fibertypane inneber svært ulike helsemessige risikoar. I tillegg inneheld rapporten et oppdatert kunnskapsgrunnlag for syntetiske mineralfiber, samt nokon nye presiseringar i kapittelet om svevestøv.

Dårleg inneklima kan gje dårleg helse

Godt inneklima er viktig både for helse og trivsel. Inneklimaforhold som dårleg temperaturkontroll og mangelfull ventilasjon kan påverka skuleprestasjonar og arbeidsevne, gje mistrivsel og i enkelte tilfelle utløyse eller forverre sjukdom.

– Dei fleste inneklimaproblem kan sannsynlegvis løysast dersom både samfunnet og enkeltpersonar er villige til å bruke tid og ressursar på dette, seier seniorforskar Rune Becher, som har vore leiar for ekspertgruppa som står bak rapporten.