
Desse vaksinene er registrert og blir vist i Mine vaksinar:
- Barnevaksinar: alle som er fødde i 1995 og seinare vil finne barnevaksinene sine. I 2012 vil det seie alle under 17-18 år.
- Reisevaksinar og andre vaksinar som er tatt i 2011 og seinare. Gjeld alle aldersgrupper.
- Pandemivaksine (svineinfluensa) som blei gitt i 2009 og seinare. Gjeld alle aldersgrupper.
- Dersom du kjem frå eitt av prøvefylka Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark og Hordaland, og er fødd i 1976 og seinare, kan også andre aldersgrupper finne registrerte vaksinar. I 2013 vil dette seie aldersgruppa under 36-37 år.
Felles tilgang på helsenorge.no
Mine vaksinar blei til etter initiativ frå Helse- og omsorgsdepartementet i 2010. Initiativet kom i samband med oppretting av den nasjonale helseportalen helsenorge.no Portalen vil gi publikum ein samla tilgang til fleire elektroniske tenester, slik som å bytte fastlege, få oversikt over elektroniske reseptar og vaksinasjonar. I åra framover vil tilbodet sannsynlegvis bli utvida.
Mine vaksinar er den første elektroniske publikumstenesta som Folkehelseinstituttet har utvikla. Dei nasjonale helseregistra våre har dei siste åra blitt elektroniske. Det har opna muligheitene for elektroniske tenester. I tillegg har vi fått nasjonale sikkerhetsløysningar som Folkehelseinstituttet har kunna ta i bruk. Dermed kan instituttet tilby sikker tilgang til data frå helseregistre.
I framtida er det planlagt nye informasjonstenester knytt til andre register som Folkehelseinstituttet har ansvar for.
Register frå 1995, prøveordning frå 1976
Mine vaksinar er knytt til det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK. Dette registret blei eit landsomfattande barnevaksinasjonsregister i 1995. Då Mine vaksinar opna i 2011, var det først og fremst dei som var 15-16 år og yngre (født i 1995 og seinare) som kunne finne eit ferdig utfylt vaksinasjonskort her.
Frå 2011 vil alle vaksinar kunne registrerast, dermed vil Mine vaksinar bli eit tilbod som stadig fleire har nytte av.
Foreldre kan logge seg inn og hente vaksinasjonskort for sine barn.
Mellom 1976 og 1995 var fem fylke med i ei prøveordning for SYSVAK, som blei kalla SYSBARN. Her blei barnevaksinar registrerte i fylka Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark og Hordaland. Dersom du kjem frå eit av desse fylka, kan du finne vaksineregistreringar tilbake til 1976. Men registreringane var i denne perioden mindre fullstendige enn i dag.