Medisinsk fødselsregister – føremål og oppgåver
Artikkel
|Sist endret
Medisinsk fødselsregister (MFR) er eit landsdekkande helseregister over alle fødslar i Noreg. Registeret skal bidra til å avklare årsaker og konsekvensar av helseutfordringar knytt til svangerskap og fødsel, samt overvake førekomsten av medfødde misdanningar.
Kva for fødslar og svangerskap blir registrerte?
- Alle fødslar og spontanabortar etter 12. svangerskapsveke er meldepliktige til Medisinsk fødselsregister.
- Fram til og med 31. mai 2025 var òg nemndbehandla abortar etter abortlova av 1975 § 2 tredje ledd meldepliktige til registeret. Frå og med 1. juni gjeld denne meldeplikta nemndbehandla abortar etter abortlova av 2024 § 3 andre ledd.
Opplysningar blir meldt inn til registeret av helsepersonell som gir helsehjelp i samband med svangerskapet ved landets fødeavdelingar, gynekologiske avdelingar, fertilitetsklinikkar og nyfødtintensivavdelingar.
Følgjande opplysningar blir registrerte
- Opplysningar om identiteten til barnet og foreldra
- Opplysningar om mors helse før og under svangerskapet, og eventuelle komplikasjonar i svangerskapet og/eller ved fødselen
- Opplysningar om barnets helse ved fødsel og opp til eitt års alder, til dømes om barnet er levande eller dødfødt, og eventuelle medfødde sjukdomar eller misdanningar
- Opplysningar om assistert befruktning
Reservasjonsrett
Det er reservasjonsrett knytt til registrering av enkelte av opplysningane i Medisinsk fødselsregister:
- Mors yrkesmessige forhold, røykevanar, og bruk av alkohol og andre rusmiddel i svangerskapet
- Permanent registrering av direkte personidentifiserande opplysningar om kvinner som har fått utført svangerskapsavbrot etter abortlova av 1975 § 2 tredje ledd bokstav c. Slike svangerskapsavbrot blir innvilga dersom «det er stor fare for at barnet kan få alvorleg sjukdom, som følgje av arvelege anlegg, sjukdom eller skadelege påverknader under svangerskapet».
- Permanent registrering av direkte personidentifiserande opplysningar om kvinner som har fått utført svangerskapsavbrot etter abortlova av 2024 § 3 andre ledd bokstav c. Slike svangerskapsavbrot blir innvilga dersom «det er sannsynleg at fosteret har ei alvorleg tilstand, eller at fosteret vil døy under svangerskapet eller kort tid etter fødsel».
- Permanent registrering av direkte personidentifiserande opplysningar om kvinner som har fått utført svangerskapsavbrot etter abortlova av 2024 § 3 andre ledd bokstav d, dersom løyvet er gitt heilt eller delvis grunna medisinske forhold ved fosteret. Slike svangerskapsavbrot blir innvilga dersom «medisinske forhold ved fosteret, forhold ved den gravide, den gravide si livssituasjon eller ein kombinasjon av desse gjer svangerskap, fødsel, barnet sin oppvekst eller framtidig omsorg for barnet særleg krevjande».
- Opplysningar om assistert befruktning
Kan ta kontakt med FHI om sletting
Personar registrerte i Medisinsk fødselsregister som ikkje har fått informasjon om reservasjonsrett knytt til opplysningar som omtalt i førre avsnitt, og som ønskjer slike opplysningar sletta, kan nytte dette skjemaet:
Elektronisk melding av fødsel
Det er laga ein rettleiar til utfylling av melding til Medisinsk fødselsregister.
Overvaking og forsking
Opplysningane som blir melde inn til MFR, skal gi kunnskap og informasjon om helseproblem hos mor og barn i samband med svangerskap og fødsel. Informasjonen blir brukt til
- overvaking
- forsking, med mål om å førebyggje helseproblem
- utarbeiding av eit fagleg grunnlag for å gi råd og informasjon til helsepersonell, anna forvaltning og folk flest
- styring, planlegging og kvalitetssikring av helsetenesta og helseforvaltninga
- utarbeiding av statistikk
Forskingsoppgåvene MFR har handlar om «årsaksforhold av betydning for sjukdom og funksjonshemming hos nyfødde og spedbarn». Feltet er i praksis todelt: dels å avklare årsaker til medfødde misdanningar og andre helseproblem i samband med svangerskap og fødsel, og dels å klargjere konsekvensane av slike risikofaktorar for seinare helse og funksjonshemming.
Fagrådet til Medisinsk fødselsregister
Fagrådet består av ei lik fordeling av jordmødrer og fødselslegar, med representasjon frå alle helseregionar og ulike typar fødeinstitusjonar. Norsk gynekologisk foreining, Den norske jordmorforening og Jordmorforbundet er òg representerte. Fagrådet skal gi råd og innspel i alle spørsmål som er viktige både for Medisinsk fødselsregister og meldeinstitusjonane.
Forskrift om Medisinsk fødselsregister
Innsamling og behandling av helseopplysningar i Medisinsk fødselsregister er regulert i helseregisterlova og Medisinsk fødselsregisterforskrifta. Folkehelseinstituttet er dataansvarleg for registeret.
- Helseregisterlova - Lovdata
- Medisinsk fødselsregisterforskrifta - Lovdata