1. A
  2. B
  3. C
  4. D
  5. E
  6. F
  7. G
  8. H
  9. I
  10. J
  11. K
  12. L
  13. M
  14. N
  15. O
  16. P
  17. R
  18. S
  19. T
  20. U
  21. V
  22. Z
  23. Ø

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å
forstørre eller - for å forminske.
English Norwegian
Du er her: Forside > tema > hjerte- og karsykdommer > nyheter

Byluft, vegstøv og helse

Publisert 20.01.2011, oppdatert: 27.10.2012, 20:41
Lenke/referanse til denne artikkelen: http://www.fhi.no/artikler/?id=87826
I media har det i det siste kome fram ein del ulike synspunkt rundt helseeffektar av svevestøv danna ved slitasje på vegdekket. Det har blitt reist tvil om det faglege grunnlaget for miljøfartsgrenser og tiltak mot piggdekk. Folkehelseinstituttet har god dokumentasjon for at desse svevestøvpartiklane kan trengje ned i lungene og gi helseskadar. 

lungeSvevestøvet som finst i norske byar og tettstader, består av ei kompleks blanding av partiklar av ulik storleik og samansetnad. På tørre vegar haust, vinter og vår vil vegslitasjepartiklar utgjere ein svært stor del av det totale svevestøvet, og bidrar då vesentleg til eksponering av dei som ferdast og bur nær trafikkerte vegar.

- Dei aller minste partiklane består hovedsakleg av forbrenningspartiklar (fine partiklar) som kjem frå eksos og vedfyring. I tillegg fører trafikken til vegslitasje og knusing av strøsand og danning av noko større partiklar (grove partiklar). Desse partiklane er likevel så små at dei kan trengje ned i lungene og føre til forverring av sjukdom hos personar med lungelidingar. Derfor er det viktig at myndigheitene gjer fleire tiltak for å redusere nivå av svevestøv, slik at lufta i norske byar blir bra for alle, seier avdelingsdirektør Per Schwarze og viser til fleire internasjonale studiar.

Mykje forsking

Grove partiklar som blir danna ved piggdekkslitasje av vegdekke, kan utløyse helseskadar, viser forskingsresultat basert på befolkningsstudiar og eksperimentelle studiar. Blant andre har ei svensk gruppe nyleg undersøkt danninga av svevestøv ved piggdekkbruk og testa ulike vegdekke og bildekk. Analysar av storleiksfordelinga viste at det blei danna partiklar i ein storleik som vil kunne trengje djupt ned i lungene (”Roaddust Conference” i Stockholm, oktober 2010).

I fleire befolkningsstudiar i ulike land har ein funne samanheng mellom auka nivå av svevestøv og forverring av allereie eksisterande lunge- eller hjarte-karsjukdom etter kort og lang tids eksponering.

Ei samanstilling av korttidsstudiar tyder på at både små partiklar (hovedsakleg forbrenningspartiklar) og større partiklar (hovedsakleg slitasjepartiklar) er knytte til uønska helseeffektar.

Når det gjeld kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) og astma og innlegging på sjukehus for luftvegsproblem, er samanhengen sterkare eller minst like sterk for grove partiklar som for finare partiklar. Det at alle typar partiklar utløyser helseeffektar, blir no støtta internasjonalt av forskarar som arbeider med slike problemstillingar og i tillegg av Verdas helseorganisasjon (WHO).

I mange eksperimentelle studiar i celler og dyr er det vist at reine mineralpartiklar og grove støvpartiklar gir vel så høge betennelsereaksjonar som mindre forbrenningspartiklar.

Studiar frå Folkehelseinstituttet viser også dette, men i tillegg at det er ein betydeleg variasjon mellom ulike steintypar som er brukte i vegdekke. Vidare har Folkehelseinstituttet studert svevestøv samla inn i Oslo og andre europeiske byar. Resultata viste at grove bypartiklar gav effektar som var minst like store som for fine partiklar.

For kven er det farleg?

Mange studiar har vist samanheng mellom svevestøvkonsentrasjonar og forverring og sjukdom. Dette er særleg aktuelt hos dei som har ein lungesjukdom som astma eller KOLS, og dei som har ein hjarte-karsjukdom. Dette betyr at svevestøv utløyser helseskadar ved langt lågare konsentrasjonar hos desse risikogruppene enn hos den friske delen av befolkninga.

Kor låge nivå det må vere for at ein ikkje skal få helseeffektar, sjølv hos dei sjukaste, har ein foreløpig ikkje god nok kunnskap om.

Fakta om lover og reglar

Når det gjeld luftkvalitet, finst det litt ulike mål og grenser for kva som er akseptabelt. 

  • Grenseverdiar:
    Forurensningsloven inneheld grenseverdiar for luftkvalitet. Desse er delvis baserte på praktiske/økonomiske omsyn – ikkje berre på helse. Kommunane har ansvar for å overhalde forskriftene til Forurensningsloven. I dag blir desse grenseverdiane overskridne i enkelte norske byar og tettstader.
  • Kriteriar for luftkvalitet:
    Kriteria for luftkvalitet som Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif) og Folkehelseinstituttet har utarbeidd, er berre basert på helse. Desse er lågare enn grenseverdiane. Å nå disse nivåa vil vere ei stor utfordring i norske byar og tettstader, og ligg fram i tid. 
  • Nasjonale mål:
    Nasjonale mål, fastsette av norske myndigheiter, er strengare enn dei lovbestemte grenseverdiane, men ikkje så strenge som kriteria for luftkvalitet.