English Norwegian

Oppdatert 06.01.12

Ny norovirussesong – hygieneråd til publikum

håndhygiene Colourbox

Folkehelseinstituttet har i den siste tida fått fleire meldingar om utbrot av norovirusinfeksjonar (”omgangssjuke”). Norovirus er svært smittsamt, og tiltak for å hindre spreiing av smitte bør setjast i verk tidleg ved mistanke om infeksjon.   

Forsking viser at alkoholbasert handdesinfeksjon er mindre effektivt ved norovirusinfeksjon og at mekanisk reingjering med såpe og vatn er spesielt viktig for å fjerne norovirus. Generelt er likevel alkoholbasert handdesinfeksjon eit effektivt infeksjonsførebyggjande tiltak mot mange andre smittestoff.

Vanlegaste årsak til magetarmsjukdom

Norovirus er den vanlegaste årsaken til smittsam magetarmsjukdom, og er ansvarleg for minst 50 prosent av alle utbrot med magetarminfeksjon på verdsbasis. Utbrot av norovirus inntreff gjerne om vinteren i Noreg.

Personar i alle aldersgrupper kan bli smitta og sjuke, men sjukdommen er vanlegvis mild og går over av seg sjølv etter 1–3 dagar hos elles friske personar.

Det tek 12–48 timer frå ein blir smitta til ein blir sjuk. Symptoma er akutt kvalme, oppkast, magesmerter og diaré. I tillegg opplever mange influensaliknande symptom som feber, muskel- og leddverk og hovudpine.

Ein smitta person er mest smittsam medan han/ho har symptom med oppkast og diaré, men kan òg vere smitteførande etter at symptoma gir seg. Etter 48 timer skil dei fleste ut mindre smittestoff. Vanlegvis kan ein vende tilbake til jobb og skule når ein kjenner seg frisk. Fordi ein kan skilje ut smittestoff også etter at symptoma gir seg, er det ekstra viktig med god handhygiene i dei første dagane etter at ein har blitt frisk.

Personar som handterer mat, bør ikkje vende tilbake til arbeidet før 48 timar etter at oppkast og diaré gir seg. Barn i barnehage bør på same måte halde seg heime ved symptom og ikkje sendast til barnehagen igjen før det har gått 48 timar etter at oppkast og diaré gir seg.

Førebyggjande hygieneråd

Dei viktigaste førebyggjande tiltaka mot norovirusinfeksjon er god hand- og kjøkkenhygiene. Med god handhygiene meiner ein grundig handvask med såpe og rennande vatn.

For reingjering av overflater tilsølte med oppkast eller avføring, blir det tilrådd at overflatene blir dekkja og tørka opp med det same, gjerne med hushaldspapir. Deretter gjer ein rein flata på vanleg måte med reingjeringsmiddel og vatn. Av vanlege rengjeringsmiddel i heimen kan klorin brukast. Følg brukskonsentrasjonen som står på flaska (1 dl klorin i 5 liter vatn). Ta omsyn til om overflata toler klor. Alle berøringspunkt (toalett, dørhandtak, vask) kan tørkast over med tilsvarande blanding.

 

URL til denne artikkelen: http://www.fhi.no/artikler?id=94856

 

 

 

 

Stikkordsliste

  1. A
  2. B
  3. C
  4. D
  5. E
  6. F
  7. G
  8. H
  9. I
  10. J
  11. K
  12. L
  13. M
  14. N
  15. O
  16. P
  17. Q
  18. R
  19. S
  20. T
  21. U
  22. V
  23. W
  24. X
  25. Y
  26. Z
  27. Æ
  28. Ø
  29. Å