Forskarane kartla utleveringsmønsteret for tre vanedannande legemiddel som alle er populære i misbrukarmiljø og tre medikament som ikkje fører til misbruk. Deretter kopla dei denne informasjonen med kor mange legar dei enkelte pasientane hadde oppsøkt for å få utlevert eit og same legemiddel.
- Meir enn 96 prosent av medikamentkonsumentane nytta berre ein eller to legar.
- Under 0,5 prosent gjekk til fem eller fleire doktorar.
- Men talet på dei som kontakte fem eller fleire legar var 9,5 gonger større hos brukarane av vanedannande legemiddel enn blant dei som ikkje nytta slike preparat.
- Maksimalt tal på oppsøkte legar var også høgare for dei som konsumerte vanedannande preparat. Det finnast eksempel på pasientar som har fått skreve ut vanedannande medikament frå opptil 25 ulike legar.
- Mengda av legemiddel som vart utlevert, auka dessutan langt meir i takt med talet på legar for brukarane av dei vanedannande legemidla enn for dei som nytta dei ikkje-vanedannande midla.
- Brukte pasientane større mengder av dei vanedannande legemiddela, auka også fara for at dei i tillegg nytta andre medikament som er populære blant misbrukarar – slik som benzodiazepin (sovemiddel, tryggande og angstdempande middel) og opioider (sterke smertesillande middel).
- Vi ser altså at dei som er storkonsumentar av både legemiddel og legar ikkje utgjer ein veldig stor del av brukarane, seier forskar Jørgen G. Bramness ved Universitetet i Oslo og Folkehelseinstituttet.
- Men alvoret av fenomenet legemiddelshopping er større enn talet på legemiddelshopparar tilsei. Tidlegare studium har nemlig vist at vågnaden for overdose og overdosedødsfall stig som følgje av ukontrollert konsum av lovlig forskreve legemiddel saman med illegale rusmiddel. Og dette er igjen ein vanlig kombinasjon for personar tilknytt misbrukarmiljø, framheld han.
Uklar årsakssamanheng
Forskingsprosjektet seier ikkje noko om kva som tillet brukarane å skaffe til veie store mengder ulike preparat.
- Det kan vere fastlegane sjølv som i for stor grad skriv ut desse legemiddela til personar dei ikkje har på si eiga pasientliste. Men funna kan også vere ein konsekvens av at brukarane sjølve oppsøkjer legevakt eller nye doktorar.
Bramness meiner likevel at svært få nyttar fem eller fleire legar er ein indikasjon på at fastlegeordninga i det store og heile verkar avgrensande på moglegheitene til å shoppe både legar og legemiddel. Dette var ein av føresetnadane for innføringa av fastlegeordninga.
- Sjølv om det sikkert framleis er rom for betring.
Om metoden
Studien baserer seg på data om utlevering av legemiddel på resept for 2004, henta frå Reseptregisteret ved Folkehelseinstituttet. Deretter knytte psykiater Jørgen G. Bramness ved Universitetet i Oslo og Folkehelseinstituttet og fungerande fylkeslege ved Helsetilsynet i Buskerud Rolf B. Winther opplysningane opp mot informasjon om kor mange legar dei enkelte pasientane hadde oppsøkt for å få utlevert eit og same legemiddel. Endelig vart brukarane også studert med omsyn til den totale mengda benzodiazepin og opioider som den enkelte fekk utlevert i same tidsperiode.
Dei vanedannande legemidla dei tok føre seg var; diazepam (med salsnamna Valium, Vival og Stesolid), karisoprodol (Somadril) og ulike kodeinkombinasjonar (Paralgin forte, Paralgin major, Paralgin minor, Pinex forte og Pinex major).
Dei ikkje-vanedannande legemidla var; esomeprazol (Nexium), metformin (Glucophage og Metformin) og salbutamol (Airomir, Buventol og Ventoline).
Diazepam brukast særlig mot angstlidingar og ved krampetilstander, og tilhøyrer gruppa benzodiazepiner. Karisoprodol er no avregistrert, men var særlig berekna på bruk mot akutte rygglidingar og har både ei smertedempande og muskelavslappande effekt. Kodeinkombinasjonar (kodein og paracetamol) er eit av de vanligaste smertestillande legemidla på resept. Kodein er et opiumsliknande stoff (opioid). Begge legemiddelgruppene benzodiazepiner og opioider er generelt populære i misbrukarmiljø. Esomeprazol er eit legemiddel som nyttast ved behandling av magesår, metformin i behandling av diabetes. Endelig brukast salbutamol ved behandling av astma og kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS).
Ref.: Winther RB, Bramness JG. Legemiddelshopping av vanedannende medikamenter i Norge Tidsskr Nor Legeforen 2009; 129: 517 - 20.